Velkomen til årets siste FTU – klatring og spel med Våtedalen Tindeklubb!
Når: Måndag 17. november 2025 kl. 17.00–19.00
Stad: Førde klatresenter, Vievegen 169
Kva: Klatring, spel og sosialt samvær
Bli med når vi rundar av FTU-året med ein kjekk og aktiv ettermiddag i samarbeid med Våtedalen Tindeklubb! Vi samlast ved Førde klatresenter, der vi får prøve oss i klatreveggen, leike oss på ulike spel, og ha det sosialt saman.
Det trengst inga erfaring frå før – vi ordnar med både sko, utstyr og kyndig hjelp for alle som vil prøve seg i veggen. Her er det plass til både nybyrjarar og dei som har klatra før.
Når du ikkje er i veggen, blir det ulike spel og aktivitetar – ein fin måte å bli kjend med dei andre på medan du ventar på tur. Vil du ikkje klatre? Null stress! Kom likevel for å vere med på ein hyggeleg kveld med gode folk. Vi avsluttar kvelden med pizza!
Kva bør du ha på deg? Klede som er komfortable og du kan bevege deg fritt i. T.d. treningtights eller joggebukse. Det kan vere kjekt å ha ei t-skjorte/tynn gensar å klatre i, samt ein litt tjukkare gensar til å halde varmen på "standplass".
FTU er eit tilbod frå DNT, det lokale turlaget Indre Sunnfjord Turlag og NFU Sunnfjord. Her er alle velkomne; både menneske med utviklingshemming, søsken, foreldre, besteforeldre, venner, frivillige, assistentar eller andre som ynskjer å bidra eller delta i lag med oss.
Påmelding ved å fylle ut skjema eller tekstmelding til Hege tlf; 413 37 213. Hugs å sei ifrå om nokon har matallergiar vi skal ta hensyn til eller vil reservere seg for bilder.