Go Norsk Friluftsliv to main content
23. okt. 2025

FTU - lommelykttur på Vie!

Mer informasjon
FTU - lommelykttur på Vie!
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 17.00 - 18.30
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Friluftsliv tilrettelagt er eit tilbod frå DNT, det lokale turlaget Indre Sunnfjord Turlag og NFU Sunnfjord. Her er alle velkomne; både menneske med utviklingshemming, søsken, foreldre, besteforeldre, venner, frivillige, assistentar eller andre som ynskjer å bidra eller delta i lag med oss. 

Torsdag 23.oktober inviterar vi til lommelykttur på Vie! Vi går tur frå Vie snuplass (eit stykke forbi klatresenteret) inn til Soleide. På vegen må ein kanskje leite etter refleksar eller løyse nokre oppgåver?  

Oppmøte: Vi startar å gå frå parkeringa på Mo kl.17.00 og avsluttar kl.18.30.

Mat og drikke: Vi tek med varm drikke til alle! Ta gjerne med eigen kopp og ev anna mat om du treng. 

Kle deg etter vêret og ta med godt humør!

Påmelding ved å fylle ut skjema eller tekstmelding til Hege tlf; 413 37 213. Hugs å sei ifrå om nokon har matallergiar vi skal ta hensyn til eller vil reservere seg for bilder. 

Icon Oppmøtested