Velkommen til friluftsliv tilrettelagt -aktivitet ute i det fri!
Ved foten av hesten (landemerket) vert det rebus, fjelldans og grilling.
Torsdag 28.august kl.17.00 - 18.30
Kle deg etter vêret og ta med godt humør!
Påmelding ved å fylle ut skjema eller tekstmelding til Hege tlf; 413 37 213. Hugs å sei ifrå om nokon har matallergiar vi skal ta hensyn til eller vil reservere seg for bilder.
Friluftsliv tilrettelagt er eit tilbod frå DNT, det lokale turlaget Indre Sunnfjord Turlag og NFU Sunnfjord. Her er alle velkomne; både menneske med utviklingshemming, søsken, foreldre, besteforeldre, venner, frivillige, assistentar eller andre som ynskjer å bidra eller delta i lag med oss.