Knut Rydgren tar oss med på ein tur i furuskogen og vi ser på arstmangfaldet av moser; kanskje finner vi nokre kystartar i dei øvre høgdelaga? Her finn vi storvokste gamle furutre langt opp i lia og det er fantastisk å gå i ein slik naturskog (ofte er det her ein må gå for å finne naturskogen – så ta med gode sko).
Skogsturen er meint som ein vandringsopplevelse ilag med andre, der vi går roleg og kikker oss rundt etter artar som lever i skogen, med fokus på å lære meir om moseartane. Det gir ein sjelero å være omringa av ein skog som har eit levande økosystem. Bli med ut og lær om naturen vår!
Informasjon: Tid: laurdag 18.oktober kl. 11.00-15.00 – (ca. 2 timer opp, og 1,5 time ned)
Sted: skogen nedanfor Hesteggi
Oppmøte:
Byggefeltet Tjødnali parkeringsplass skyss fra Sogndal skysstasjon – gi ein lyd på forhånd
Type tur: Vi skal opp ein del høgdemeter så det er bratt, vi går i roleg tempo og har mange stopp med innslag frå Rydgren og ser på moseartar.
Vi setter opp skyss frå Sogndal:
Treng du skyss? Meld fra til allette.alvarvik@naturvernforbundet.no eller på sms til 94874648 så fikser vi skyss frå Sogndal sentrum.
Møteplass: Sogndal skysstasjon, oppmøte 10.45
Pakkeliste: gode sko matpakke og drikke kle deg etter været notatbok og blyant om ønskeleg