Go Norsk Friluftsliv to main content
25. juni 2025

Gammekino i Voldaskogen med kortfilmen "Fugler"

Mer informasjon
Svor 14 3
Icon Tid
Icon Arrangør
tonehimmel
Icon Kontaktperson
Gratis morgonknino i gamma i Volda-skogen kvar morgon under tonehimmel-festivalen 25. -29. juni kl. 8.00 og 8.30. Velkomen til ei anleis filmoppleving!

Om filmen: Kortfilmen “Fugler” er ein eksperimentell og poetisk dokumentarfilm som portretterer seks born i samspel med nærskogen. Saman utforskar og søkjer dei forståing for naturen, fuglelivet og kvarandre, med dans som kommunikasjonsform. Born relaterer seg til omgjevnadene på ein annan måte enn oss vaksne. Gjennom auga deira kan vi sjå verda på nytt. Er dei berarar av ein intuitiv kunnskap som vi har mista? Kanskje minner dei oss om noko vi sjølve har gløymt? Manus og regi: Liv Runesdatter Produsentar: Joakim Hauge Vocke & Bjarte Mørner Tveit (Von Mørner)

Fotograf: Joakim Hauge Vocke Klipp og grade: Kyrre Hervik Larsen Musikk: Song Circus & Liv Runesdatter Lyd (Dolby Atmos): Eirik Bekkeheien Medverkande born: Carmen Elvira Aspøy, Daniel Dam Elnan, Edith Victoria Ødegård Dale, Ella Søndenå, Ingvald Aagenæs og Jacob Hidle Høgeli Dansepedagog på skulen: Mari Flønes

Filmen er laga med støtte frå Norsk Filminstitutt, Filmkraft og Stavanger kommune.

Vegen til Gammekinoen Det er mange stiar å velge mellom til gamma. Det vert markert sti frå parkeringa ved Håmyra og frå Grindaløda på Klepp. Du finn også gamma i googelmaps her: https://maps.app.goo.gl/QPJZyYradJ5kRPtG6

tonehimmel er i tillegg til Friluftslivets år og Møre og Romsdal fylkeskommune og laget i samarbeid med Kulturrådet, Sparebanken Møre, Sparebank1 SMN, Volda kommune og flere andre sponsorer.

Icon Oppmøtested
Det er markert sti frå parkeringa ved Håmyra og frå Gamma på Klepp, men man kan gå mange vegar til kinoen. Du finner Gammekinoen på gppgel maps her https://maps.app.goo.gl/QPJZyYradJ5kRPtG6