Go Norsk Friluftsliv to main content
13. Jun 2026

Geirangerhelg - ein tradisjon!

Mer informasjon
Geirangerhelg - ein tradisjon!
IconSted
Stranda
Icon Tid
Icon Arrangør
DNT Gudbrandsdalen
Icon Kontaktperson

Velkomen til Geirangerhelg 13.–14. juni

Velkomen til endå ei Geirangerhelg – ei turhelg som etter kvart har blitt ein fast og kjær tradisjon for mange tidleg på sommaren. Helga byr på flotte fellesturar både laurdag og sundag, og du er hjarteleg velkomen til å vere med på tur ein av dagane eller heile helga.

Du må sjølv bestille overnatting. Fleire av deltakarane har base på Grande hytte- og campingutleige. Laurdag kveld legg vi opp til felles middag i sentrum for dei som ønskjer å delta.


Laurdagstur: Skagedalssætra og Skagedalsvatnet

Denne laurdagen utforskar vi sætrene på sørsida av Geirangerfjorden. Vi køyrer samla frå Geiranger sentrum og ut mot Homlung. Her startar stigninga mot Homlungsætra før vi held fram oppover til Skagedalssætra, som ligg på om lag 850 moh.

På Skagedalssætra tek vi lunsjpause og nyt den flotte utsikta mot Knivsflå og Dei sju systrene. Etter pausen går turen vidare opp til Skagedalsvatnet på 1093 moh, før vi returnerer same vegen ned att til bilane ved Homlung.

Dato: Laurdag 13. juni kl. 09.00

Lengd: Ca. 10 km tur/retur – totalt ca. 1000 høgdemeter

Varigheit: Ca. 6–7 timar inkl. pausar

Nivå: Krevjande

Passar for: Ungdom, vaksne og seniorar

Oppmøtestad: P-plass Geiranger sentrum kl. 09.00 (samkøyring derfrå til Homlung) 

Påmeldingsfrist: Laurdag 6. juni


Sundagstur: Grindalssætra

Årets sundagstur går tur/retur Grindalssætra – ei idyllisk sæter med fantastisk utsikt over Geiranger sentrum og heile Geirangerfjorden. Turen startar ved Hole hytteutleige, og vi tek ein roleg søndagslunsjpause på Grindalssætra før vi går same vegen ned att.

Dato: Sundag 14. juni kl. 10.00

Lengd: Ca. 6 km tur/retur – ca. 550 høgdemeter

Varigheit: Ca. 3–3,5 timar inkl. pausar

Nivå: Middels

Passar for: Ungdom, vaksne og seniorar

Oppmøtestad: Hole hytteutleige kl. 10.00

​​​​​Påmeldingsfrist: Laurdag 6. juni


Turleiarar

- Bente Brustuen Bråten - Bbbr@online.no - Telefon: 48 10 01 54

- Monica H. Moe - monicamoer@gmail.com - Telefon: 92 41 43 03

- Bodil Moen Ruststuen - Telefon: 95 99 61 00


Pris (medlem / ikkje-medlem i DNT)

- Laurdag og sundag: kr 400 / 700

- Berre laurdag: kr 300 / 450

- Berre sundag: kr 300 / 450

Turleiing er inkludert i prisen. Overnatting og mat må deltakarane sjølve bestille og betale.


Våre turleiarar er frivillige og brukar fritida si på å dele turglede med andre. Deltakaravgifta går til å dekkje utgifter til overnatting og køyring i samband med turane.

 Bli gjerne medlem i DNT!

Icon Oppmøtested