Gourmettur Skarvheimen 6-7 september
Turen går frå Uppsete til Kaldavasshytta, der vi går via Vossaskavlen til Hallingskeid i vilt og vakkert høgfjellsterreng. Turens totale lengde over to dagar er ca. 23 km og gradert til krevjande fottur. Laurdag morgon tar vi toget frå Voss til Upsete der turen startar ved 875 moh, og vi går ca. 6 km til Kaldavasshytta 1250 moh. Kaldavasshytta består av 2 koselege hytter med til samen 20 sengeplassar. Hytta er ubetjent, men til gjengjeld er det gasskomfyr med steikeomn, så her kan vi kokkelere og trylle fram eit betre måltid av råvara vi har med i sekken. Sundags morgon startar med frukost der kvar enkelt har med eigen mat og utvask av hytta før vi tar turen over Vossaskavlen som ligger på 1480 moh og ned til Hallingskeid 1103 moh. Dagens etappe er på 17 km, der dei siste 4 km går på Rallarvegen. Turen går i kupert høgfjellsterreng og eit kortare parti på bre. Inkludert i prisen er togbilletter og fellesmåltid lørdagskveld. Niste til to dagar og frukost må kvar enkelt ha med seg sjølve. Felles køyring frå Kvinnherad for dei som ynskjer, oppmøte rådhuset Rosendal kl. 08.45 Dei som ynskjer å møte direkte på Voss stasjon møte kl. 11.45. Endring i oppmøtetid kan førekome ved endring av togtider.
Turleiar Grete Solheim 991 53785 og Tove Omdal 90944865