Grendautvalet og grendalaget inviterer til familiedag og grendasamling ved Skogheim laurdag 3. januar frå klokka 14 til 16. Her vert det uteaktivitetar for alle aldrar, mellom anna natursti, hesteskokasting, mjølkespannhalding, frisbeeminigolf og barmarksskirenn.
Me fyrer i grill og bålpanne og stiller med varm saft, kaffi og pølser. I tillegg lagar me is av flytande nitrogen.
Ta med vener og familie både frå grenda og utanfrå grenda. Alle er velkomne. Kle deg varmt, ta med eit sitjeunderlag og ta gjerne også med restane av julebaksten, så deler me og vert ferdige med det!