Frå Nærbø jernbanestasjon går turen sørvestover langs Kyrkjevegen og forbi Biblioteket. Går så vidare sør Ringvegen, eit lite stykke, til det står skilt til Jærmuseet. Her går vi langs Skjerpebekken til parkeringsplassen for Jærmuseet. Turen er merka med raude T-ar.
Turen går opp til Jærmuseet og er vidare skilta til Hanabergmarka. Hanabergmarka er eit friområde som høyrer til Jærmuseet. Her er mange fornminne, kulturminne og gravhaugar. Arealet er i dag kulturbeite for ungdyr og sauer og er eit ope landskap. Før ein kjem til Hanabergmarka kan ein gå gjennom eit skogholt med 23 ulike treslag. Det er ulike ruter vidare, og turleiar vel den som passer best for dagen. Dette er ein flott tur like uanfor Nærbø sentrum.
Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.
Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem