Frå Vigrestad stasjon er det merka ei løype fram til Haugstadskogen. Dette er ein tur der du kan oppleva kontrastar mellom blåsande og stille, lys og mørke. Vi går på turvegar, sykkel- og gangvegar og i tillegg, om du ønsker det, smale, mørke stiar i skogen.
Vel framme i Haugstadskogen er det ly å finna og mange stiar å velga mellom. Jæren Friluftsråd har ansvar for tilrettelegging i skogen. Noko av det første du møter, er ei stor oppslagstavle som viser alle stiar og rasteplassar i skogen.
Oppmøte
Vigrestad Jernbanestasjon kl 17.30
Turleiar
Arnfinn Særheim, mobil 975 28 555
Anne Reidunn Garpestad, mobil 958 19 098
Ta med: lykt og refleksvest
Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 næturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.
Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem