Go Norsk Friluftsliv to main content
04. Oct 2025

Hausttur med middag på Bergsdalstunet

Mer informasjon
Hausttur med middag på Bergsdalstunet
IconSted
Vaksdal
Icon Tid
Kl. 11.30 - 18.00
Icon Arrangør
Vaksdal Turlag
Icon Kontaktperson

I god tradisjon inviterer vi også i år til tur med påfølgjande middag på idylliske Bergsdalstunet. I år vil vi imidlertid ikkje gå frå Bolstad, men nytte dei fagre fjella på nordsida av Bergsdalen. 

Oppmøtestad og tid: Lid i Bergsdalen kl 11.00. Parkering på nedsida av Bergsdalstunet.

Pris: Trerettars middag: 650,- per person. Full refusjon ved avmelding inntil 10 dagar før turen. Halv refusjon ved seinare avmelding, ingen refusjon ved avmelding etter torsdag 2.10. kl 23.59.

Turskildring: Frå Lid går vi på veg til Brekke. Her startar turen ganske bratt oppover lia til Raudnosi (700 moh), ei stigning på vel 250 meter. Vidare frå Raudnosi går turen opp på Flatafjellet, kryssar Brattefonnskaret og fortset opp til Såta 890 moh. Frå Såta legg vi turen sørover mot skulen på Lid og vidare på vegen til Bergsdalstunet. Vi reknar å bruke om mellom 3 og 4 timar på turen i relativt moderat tempo.

Terrenget på turen er relativt lett, men det er nokre bratte kneikar som skal forserast. Hugs at vêret kan vere lunefullt på denne tida av året, så bruk gode fjellsko og kle deg etter forholda. Hugs lue og vottar!

Lengde: 7-8km, samla stigning og nedstigning kring 500 m. 

I tunet på Lid vert vi tatt i mot av Olaug og Helge Terje Fosse som byr på noko å leske strupen med og nydeleg trerettars middag av lokal mat frå sesongens beste råvarer. (Du kan gjerne ha med ein sekk med byteklede som du kan legge att på Lid).

Mat: Ta med god nistepakke og drikkeflaske.

Utstyr: Lett tursekk pakka med:

  • Regntøy (jakke og bukse)/tynn vindjakke og turbukse (med god fukttransport)
  • Undertøy i ull/ullblanding + ekstra skift
  • Sokkar med mye ull og god passform + ekstra skift
  • Fleecejakke eller tynn varmejakke
  • Lue og ullvottar eller andre vantar/vottar som er varme sjølv når dei er våte
  • Fjellstøvlar
  • Shorts og t-skjorte om det er meldt varmt vêr
  • Klede til bruk under middag (uformelt)

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår. Ver særskilt merksam på kva som gjeld ift refusjon ved eventuell avmelding.

Ansvarleg turleiar: Elizabeth Gjessing, 971 41 631. Ta gjerne kontakt i forkant dersom du har spørsmål.

Icon Oppmøtested