Go Norsk Friluftsliv to main content
18. jan. 2025

Heile bygda bålar!

Bonfire 01853
Icon Tid
Kl. 18.00 - 20.00
Icon Arrangør
Bygdafolket
Icon Kontaktperson
Laurdag 18. januar er startskotet for Friluftslivets år. Det skal markerast med bål over heile landet, og vi inviterer til "Heile bygda bålar" på badestranda på Rjåneset frå kl. 18-20 denne laurdagen.

Konseptet er enkelt: Vi møtest til båltenning kl. 18. Ta gjerne med kveldsmat, kaffi og gjerne ein stol/anna eigna underlag til å sitte på.Det er kjekt å treffast utandørs, og etter vermeldinga å dømme ser det ut til å verte både opplett og fine temperaturar. Vil oppmode born om å ha på refleksvest og evt hovudlykt.Arrangementet er ope for alle.

Icon Oppmøtested
Køyr badestranda på Rjåneset, ta av ved E39 til tidlegare Rjånes fergekai. Parker i kaiområdet, ved den tidlegare kiosken. Gå langs småbåthamna innover til badestranda.