Go Norsk Friluftsliv to main content
18. jan. 2025

Heile Noreg bålar i Flåmsdalen - Bålkos på Daumeplassen

Hele Norge båler
Icon Tid
Kl. 14.00 - 17.00
Icon Arrangør
Nærøyfjorden Verdsarvspark og Aurland Turlag
I 2025 er det Friluftslivets år. Me startar året med å bli med på den nasjonale markeringa "Heile Noreg bålar"!

Me inviterer til samling rundt bålet på Draumeplassen laurdag 18.januar kl 14-17.

Her kan du bli med på ulike aktivitetar og saman med andre nyte nista di i vakker natur. Kanskje du vil ta middagen ute? Nærøyfjorden Verdsarvpark, Turlaget og Draumeplassen stiller med bålpanner, aktivitetar og noko varmt i koppen. Du tek med deg mat og drikke, sitteunderlag/turstol/campingstol eller liknande, varme klede og godt humør!

Denne felles markeringa er også eit samarbeid med DNT sin "Kom deg ut-dag". Små og store er hjarteleg velkomne til ei triveleg stund saman rundt bålet!Praktisk:Parkering ved kyrkja i Flåm eller Leina.Det tek ca 10-20 min å gå til Draumeplassen. Det er toalett i Leina.

Kle deg godt, ha med mat og drikke. Hugs noko å sitte på! Og du; det kan vere lurt å ha med ei hodelykt.

Arrangementet er gratis og ope for alle. For meir info, kontakt: Norunn Haugen tlf: 47674567Gry Beate Mørk tlf: 95141438

Icon Oppmøtested