Opplev kor godt det er å samlast rundt varmen frå ei bålpanne. Ta deg tid til ein prat med ein nabo du kjenner godt, eller kanskje nokon du ønsker å verte betre kjend med. Inviter gjerne med deg nokon du trur vil ha glede av eit slikt fellesskap. Det første arrangementet i kommunen vår vert på dagsturhytta Fjordblikk. Her vert det bål, grilling og aktivitetar for dei minste. Ta med det du vil grille og eigen gjenbrukskopp.