Go Norsk Friluftsliv to main content
16. jan. 2025

Heile Norge båler - Byglandsfjord

Mer informasjon
10 1
IconSted
Vassend
Bygland
Icon Tid
Kl. 17.00 - 19.00
Icon Arrangør
Bygland Frivilligsentral/Bygland kommune
Bygland Frivilligsentral, Bygland kommune og Midt Agder Friluftsråd samarbeider om ein kveld der heile Bygland kommune båler.

Dette skal vere ein triveleg sosial kveld, der fokuset er trivsel og det å møtes rundt eit bål. Me lager mat på bål, og alle skal få smake. Kaffi og kakao vert servert. 

Me har refleksløype med quiz. Det vert premiering for deltaking. Me håpar på å inspirere fleire til å deltake i friluftslivet, og til å kome seg ut i naturen.Dersom det er skøyteis, kjem BUA med skøyter. Er det snø har me med anna snøaktivitet slik som akebrett. Denne kvelden er for alle: familiar med barn, einslege, og vaksne utan barn. Fokuset er hyggeleg samver, og å lage ein sosial kveld. Du treng ikkje melde deg på, berre møte opp. ALT er GRATIS.

Me håpar på godt oppmøte, og kan garantere god stemning!

Det er også eit arrangement på Prestneset i Bygland.  

Icon Oppmøtested
Vassendkilen ligg rett ved Byglandsfjord skule, og Årdalshallen. Staden ligg rett ved Riksveg 9, ved rundkøyringa. Ein kan parkere ved skulen.