Vi tenner opp bål og serverer varm drikke i gapahuken ved Dam 2 på Aksla i Ålesund.
Ta gjerne med niste eller noko du kan varme på bålet. Det er også lurt å ta med eit sitteunderlag.
Ved gapahuken blir det ulike aktivitetar og turquiz med premiar. Inviter med deg familie, naboar og vener til ein inkluderande møteplass, og til å oppleve den magiske kosen rundt bålet. Arrangementet er ope for alle og gratis.