Ta gjerne med niste eller noko du kan varme på bålet. Det er også lurt å ta med eigen kopp og eit sitteunderlag.
Ved gapahuken blir det ulike aktivitetar og turquiz med premiar. Inviter med deg familie, naboar og vener til ein inkluderande møteplass, og til å oppleve den magiske kosen rundt bålet.
Arrangementet er ope for alle og gratis.
Skodje IL skigruppa vil trakke skiløypa (dersom snø) og legg til rette for skileik. Arrangementet er i samarbeid med DNT Sunnmøre.