Denne dagen ønsker vi å få med heile Norge til å samlast rundt bålet. På Grindaløda blir det bål og aktivitetar med god utsikt over Volda, og turquiz med premiar.
Ta gjerne med niste eller noko du kan varme på bålet - og eit sitteunderlag.
Ta gjerne med eigen turkopp og skei/turfat.
Inviter med deg familie, naboar og vener til ein inkluderande møteplass, og til å oppleve magien rundt bålet. Det er berre litt over 100 meter frå parkeringa til Grindaløda.Parkering i enden av Bjørkevegen på Klepp.
Arrangementet er ope for alle og gratis