I samarbeid vi med Sykkylven frivilligsentral og Aure-Påls vener, vil vi i Sykkylven tenne opp bål og servere varm drikke i Museumsparken på Auremarka.
Ta gjerne med niste eller noko du kan varme på bålet. Det er også lurt å ta med eigen kopp og eit sitteunderlag. Ved grindlbygget blir det ulike aktivitetar og turquiz med premiar.
Inviter med deg familie, naboar og vener til ein inkluderande møteplass, og til å oppleve den magiske kosen rundt bålet. Arrangementet er ope for alle og gratis.