I gapahuken langs Rotarystien mot Grimstadvatnet tenner vi opp bål og serverer varm drikke. Ta gjerne med niste eller noko du kan varme på bålet - og eit sitteunderlag.Ved gapahuken blir det ulike aktivitetar, og turquiz med premiar. Inviter med deg familie, naboar og vener til ein inkluderande møteplass, og til å oppleve magien rundt bålet. Arrangementet er ope for alle og gratis.