Helgetur til Øye på Sunnmøre
Denne helga legg vi opp til ei sosial og triveleg fjellhelg i hjartet av Sunnmørsalpane. Med fotturar som Urkeegga, Slogen og Saksa – samt hyggelege kveldar i lag med prat, latter og bålstemning.
Vi møtest på Urke Camping fredag og har dette som base gjennom heile helga. Kvar deltakar ordnar overnatting sjølv. Det er moglegheiter for bubil, campingvogn og telt. I tillegg har campingen nokre hytter – vi tilrår at ein er tidleg ute med å bestille overnatting. Campingen held av nokre bubilplassar og hytter for turlaget fram til 1.april.
Samkøyring og mat ordnar ein på eiga hand eller i lag med andre turdeltakarar. Målet er å lage ei sosial helg der vi samlast og kosar oss saman. Vi planlegg å bruke bålplassen på kveldane.
Fredag kveld samlast vi seinast kl. 20.00 for å leggje planar for laurdag og søndag. Det er ikkje mogleg å gå alle tre turane på éi helg, så vala blir tekne ut frå vêrtilhøve og kva turar gruppa ønskjer mest. Slogen er ein tur som bør gåast i fint og tørt vêr.
Det finst ein liten landhandel på Urke med eit avgrensa utval og noko reduserte opningstider. Det er derfor lurt å handle med seg det viktigaste før ein kjem. Vi tilrår òg at deltakarane les seg opp på dei tre turane på førehand.
Prisen for å delta på samlinga er kr 200 for medlem og kr 400 for ikkje-medlem. Dette inkluderer tilrettelegging og turleiing. Resten ordnar du sjølv etter eigne ønskje.
Om turane:
Turen over Urkeegga er mildt sagt fantastisk. Landskapet er frodig og variert, med spisse tinder og storslått utsyn. Når ein kryssar sjølve egga, går ein i spennande terreng samstundes som ein kan nyte utsikta mot fjorden og fjella rundt. Sunnmøre på sitt aller beste!
Denne rundturen er ein klassikar over Urkeegga, med Egilbu som viapunkt. Turen er om lag 10,3 km lang, har 921 høgdemeter stigning, og er ein krevjande fottur.

Saksa er ein klassikar på Sunnmøre og byr på tre toppar med nydeleg fjordutsikt. Det går ein fin og tydeleg sti heilt til topps, og delar av ruta er lagt med steintrapper. Det er jamn og bratt stigning heile vegen, så her får hjartepumpa verkeleg arbeide.
Saksa består av tre toppar: sørtoppen (den første og mest besøkte), midtre topp og den nordlegaste toppen. Det er ingen utsette parti opp til sørtoppen, men det er luftig mellom sørtoppen og den nordlegaste toppen. Mange vel å stoppe på sørtoppen. Alle toppane byr på flott utsikt mot fjord og fjell.
Turen er 7,2 km lang, har 1026 høgdemeter stigning, og er ein krevjande fottur.

Slogen er kanskje den finaste toppen på Sunnmøre. Frå fjorden reiser han seg som ei trekanta pyramide rett til vers. Turen opp er enklare enn ein kanskje skulle tru, men det siste partiet mot toppen er noko luftig og krev enkel klyving. Det er likevel ikkje behov for ekstrautstyr for å nå toppen.
Frå toppen får ein eit storslått skode mot tindane rundt og dei irrgrøne dalane langt nede ved Hjørundfjorden. Turen frå Øye er krevjande, med jamn stigning heile vegen. Ruta er om lag 3,7 km éin veg, med rundt 1500 høgdemeter stigning.

#helgetur