Go Norsk Friluftsliv to main content
06. juni 2025

Hengekøye-nærtur til Skimhytta, Lom

Mer informasjon
Hengekøye-nærtur til Skimhytta, Lom
IconSted
Lom
Icon Tid
Icon Arrangør
DNT Gudbrandsdalen
Icon Kontaktperson

Bli med på ein stemningsfull nærtur med overnatting i hengekøye ved vakre Skimhytta i Lom! Denne turen passer spesielt for jenter og kvinner frå 15 år og oppover som ønskjer ei sosial, avslappa og naturnær oppleving – perfekt både for nybyrjarar og erfarne friluftsfolk.

Vi møtest klokka 18.00 ved Tronoddbrue og går samla frå parkeringsplassen langs vatnet mot Skimhytta. Turen er lett, og tek om lag 30 minutt i roleg tempo. Vel framme finn vi gode tre og henger opp hengekøyene i det lune skogsområdet rundt hytta.

Dersom vêret tillet det, er det kjempefint å bade i vatnet ved Skimhytta – ein forfriskande og herleg start eller avslutning på dagen!

Når kvelden kjem, samlast vi rundt bålet for å lage kveldsmat, prate og nyte ei sosial og triveleg stund i lag. Her er det rom for å berre vere, dele historiar eller lytte til knitringa frå bålet.

Etter ein fin kveld under open himmel, kryp vi ned i hengekøyene og nyt ei god natts søvn i friluft.


Hugs å ta med:

  • - Hengekøye med oppheng (myggnett om du har) 

  • - Liggeunderlag og sovepose

  • - Kveldsmat og drikke

  • - Badetøy og handkle (valfritt, men tilrådd!)

  • - Varme klede og hovudlykt


Dette er ei lågterskel og naturnær oppleving, perfekt for deg som vil kople av og gjere noko litt annleis – utan å måtte reise langt. Vi gler oss til å sjå deg!


Dato: 6. - 7. juni

Oppmøte: Tronoddbrue i Lom

Påmeldingsfrist: 3. juli

Lengde: ca 30 minutt i lettgått terreng

Varigheit: fredag klokk 18.00 til laurdag morgon (retur når du sjølv ynskjer)

Nivå: Enkel

Passer spesielt for: jenter og damer frå 15 år og oppover

Turleiarar: Heidrun Israelsen og Ingvild Bjåen

Spørsmål? Ta kontakt med Heidrun på tlf. nr. 994 27 902


Pris: gratis! Alle er velkomne.


🌲 Oppmoding: Er du ikkje medlem i DNT enno? Vi oppmodar alle deltakarar til å bli medlemmar! Som DNT-medlem støttar du det viktige arbeidet med å leggje til rette for friluftsliv, og du får gode fordelar som rabatt på hytter, turar og utstyr 🌿

Icon Oppmøtested