Go Norsk Friluftsliv to main content
18. Jul 2026

Hestane Rundt

Mer informasjon
Hestane Rundt
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 09.00 - 19.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Indre Sunnfjord Turlag planlegg denne dagen rundtur til Hestane. 
Møt på Festplassen i Førde (mot Laksen) klokka 08.30. Vi startar frå Stølshaugane (ca 9) og går via Kårstadstølen og opp Tomasskaret, dette er bratt og relativ lite brukt, men heilt ukomplisert rute om vêret er bra. Ved usikre meldingar kan rutevalet opp bli endra. Kvamshesten, også kalla Storehesten, var tidligare lite brukt som turmål, men etter ”Storehesten opp” og god merking til toppen tek fleire tusen turen opp til denne majestetiske toppen kvar sommar. I godt vêr er utsynet frå toppen fantastisk frå havet i vest til mange kjende og kjære toppar og mange brear innan synsranda.

Nedturen frå Kvamshesten vert planlagt via austeggja, kan på avstand virke ekstrem, men om ein ikkje har spesielle problem med høgde, er dette ein heilt ukomplisert retur.

Er du nøgd med ein topp denne dagen, kan du følgje t-merka rute i retur til Stølshaugane. Eg håpar mange vil gå vidare til Lisjehesten, den har minst like fantastisk utsikt som storebror. Utsikta mot Kvamshesten vert utruleg når ein nett har gått der. Frå høgda av Lisjehesten er det flott utsikt nedover Førdefjorden og vestover, elles ser vi dei same toppane og breane som vi såg frå Kvamshesten. Heim frå Lisjehesten går vi bratt ned ei lita skår på nordsida av fjellet (her er lagt ut tau). Vi rundar foten av Lisjehesten og går mot Yndestadstølen. På stølen kjem vi inn på den merkte T-ruta frå ”hav til bre”. Ruta her gir oss eit flott tilbakeblikk mot dei toppane vi har vitja denne dagen. Turen vidare går ned omkring Kvamsstølen, derifrå til Kårstadstølen og tilbake til bilane på Stølshaugane. Forventa turtid ca. 10 timar inkl. mat, drikke og badepausar.

Fantastisk rundtur i logoen til Indre Sunnfjord Turlag. Turen går kun i godt vêr, følg med på heimesida og FB.

Turleiar: Lisbet Sommer, tlf. 951 06 030

Praktisk informasjon (gjeld alle turar)

  • Turane vert gjennomførte som frivillig dugnad. Turleiarane har god kompetanse, men alle deltakarar har ansvar for seg sjølv og eige utstyr. IST følgjer DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar.
  • Samkøyring vert avtalt der det er aktuelt. Passasjerar betaler vanlegvis kr 50 per person for turar inntil 40 km kvar veg. For lengre turar tilrår vi 3,5 kr/km delt på tal passasjerar. Eventuelle bompengar og parkeringsavgifter vert fordelte.
  • DNT har ei sett med ulike pakkelister her: https://www.dnt.no/pakkelister/.  
  • Som deltakar kan du bli fotografert av turleiarar eller andre deltakarar, og bileta kan bli brukte i IST sine kanalar. Gje beskjed til turleiar om du ikkje ønskjer å bli fotografert.

#helgetur

Icon Oppmøtested