Hesteskoen i Tafjordfjella er ein spektakulær tur over tre av dei høgste toppane i Tafjordfjella, Karitind 1982 moh, Høgstolen 1963 moh og Puttegga 1999 moh. Denne turen kan ta pusten frå deg, utsikten på heile turen er fantastisk og uendeleg om vêret er på vår side. Vi skal gå mange høgdemeter, kvar meter byr på magi frå ende til annen, når vi kjem opp på Karitind, så ser vi ruta vidare, heilt fantastisk. På dei finaste dagane ser vi Sunnmørsalpane, Romsdalsfjella og Galdhøpiggen og Glitretid. Dette er ein av dei finaste turane i Tafjordfjella. Veit du kva? - det kjekkaste er å dele denne fantastiske opplevinga med fleire.
Pyttbua brukas som base for turen, hvor vi har 2 netter.
Fredag ettermiddag
Oppmøte direkte på Tunga eller på Digernes kl 1500 for felleskjøring fra Ålesund og omegn , parkering ved Sparkjøp. Turleiar følger opp avtale kring transport. Parkering på Tunga, etter du har passert bommen ved Brøstet, som kostar 100,00, køyrer vi ca 8 km, følg vegen og hald til venstre ved vegval når du kjem til Kabben.
Vi går opp til Pyttbua. Det tek mellom 2,5 - 3 timar. Vi går frå rundt 812 moh opp til 1163 moh. Når vi kjem fram til hytta så finn vi romma våre og fordeler oppgåver før vi begynner å tenkje på kveldsmat/middag og sosialt samvær, kor vi vert litt betre kjend.
Laurdag
Laurdags morgen etter ein solid og innhaldsrik frukost gjer vi oss klar til tur, vi må kome oss avgarde frå Byttbua kring 0900. Turen over tek alt frå 8 til 12 timar. Om vi har strålande vêr tek turen litt lengre tid, då vi må nyte vêret så lenge som mogleg.
Karitind - Vi skal gå opp på Karitind, det er jamn stigning frå 1163 opp til 1982 moh. Vi starter i lyng, småskog over i ur. Når vi kjem til stidele mot Radiovatnet må vi fylle vatn om vi manglar, dette er siste moglegheit for å fylle vatn på veg rundt Søre Botn. Vi skal vidare i ur heilt opp til Karitind. Her ser vi langt nedi Tordsdalen, og lengre enn langt i fint vêr. Vi tek ei velfortent lita pause, før vi går ned til rundt 1806 moh.
Høgstolen - Før vi går opp på Høgstolen som ligg på 1953 moh. skal vi gå ned frå Karitind i litt ustadig ur ut til høgre, der er det ei rås og vi følger den. Vi skal gå på bandet mellom Karitind og Høgstolen med fantastisk utsikt i alle himmelretningar, på høgre side ser vi Puttegga som er delmål tre på turen. På bandet tek vi ei ilit matpause, før vi starter på stigminga mot Høhstoelen. Det er lettgått på sva, over i grov ur, og småur det siste stykke opp mot sjølve toppunktet. Her er det tid til å ta bilete og kanskje ein snackbit, før vi setter kursen nedover til Søre Skaret og 1742 moh.
Søre Skaret - Her skal vi gå i stor ur, det har vore litt forflytting dei siste åra. Ura er stødig. Nede i Søre skaret tek vi ei siste matpause før vi skal opp på Puttegga. Her har vi to val, anten går vi opp til venstre og ute på kanten opp til Puttegga, eller vi skråer oppover i sørvendt terreng opp til Puttegga, vi vil treffe råsa omtrent 150 meter frå toppen kor vi går i småur og god rås(sti).
Puttegga - den høgste toppen i Møre og Romsdal,1999 moh. For ei lykke! Vi ser så langt augne rekk i alle himmelretningar, det er så vakkert. Her oppe bruker vi litt tid. Snappkontoen skal fyllast opp, og kanskje ein og anna telefonsamtale. Når vi skal ned igjen, kan vi gå over heile Putteggmassivet og ut på Putteggenden 1511 moh., eller vi kan skråe ned i Søre Botn og ned til vatnet for eit forfriskande bad. Det ligg ein stor stein nede ved vatnet som har plass til alle, og er yppeleg for avslapping og solslikking.
Etter kvart sett vi kursen tilbake til Pyttbua kor vi lagar felles middag som vi topper med dessert.
Om vêret ikkje spelar på lag, så må vi ha plan B og kanskje C. Plan B er ein tur på Høgtunga, eller Tungerøten, Lågtunga og ned til Pyttbua. Plan C er ein tur opp til Radiovatnet eller ned til Gammelputtbua.
Søndag
Då et vi ein god frukost, vaskar oss ut og går ned til Tunga over fjellet med utsikt nedover Puttdalen.
Utstyr og proviant
Kvar einskild syter for seg sjølv, du må ha frukost for to dagar, nistemat for tre dagar og den snacken du måtte ønskje. Felles middag er inkludert. Lenke for pakkeliste er lagt ved. Fellesutstyr ordner turleiarane og vi fordeler utstyret før vi går opp til Pyttbua på fredag.
Pakkeliste sommar https://www.dnt.no/turtips/turvett/artikler/pakkeliste-for-sommerturen/
Inkludert i prisen: overnatting 2 netter på Pyttbua, felles middag fredag og laurdag og dessert på laurdag.
Informasjon kring turen, kart, transport og pakkeliste vil bli sendt ut i god tid før sjølve turen. Turleiar tek kontakt med kvar einskild deltakar ei veke før turen. Felles utstyr syter turleiar for. Det er mogleg å kjøpe både knekkebraød og pålegg frå proviantlageret om ein ikkje ønskjer å bere med deg all mat. Du kan lese om pyttbua på UT.no: https://ut.no/hytte/10546/pyttbua
Turleiar: Rigmor Nekstad (nekstad31@gmail.com) og Annki Olsen
Medlemmer i DNT støtter sin lokale forening i drift av hytter, ruter og aktiviteter for de aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktiviteter og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 5 ganger i året og en rekke andre medlemsfordeler. Les mer om medlemskap her.