Go Norsk Friluftsliv to main content
19. sep. 2025

Hjortejakt for jenter, 2025

Mer informasjon
Hjortejakt for jenter, 2025
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Icon Arrangør
NJFF Sogn og Fjordane, Naustdal JFL

Hjortejakt for jenter, 19.-21. september 

Vi inviterer til ei heil helg med hjortejakt på Øvre Kalland i Naustdal, der vi saman med jaktlaget skal prøve ulike typar jakt. Vi møter opp alt fredag ettermiddag- så her må du berre setje av helga! Det vert mogeleg å prøve tidleg morgonjakt, postering og drev. Både ferske jegerar og meir erfarne damer kan vere med. 

Fredag skal vi installere oss på garden til Liv Unni Årdal, som både driv catering, har selskapslokale og plass til overnatting. Vi skal bli litt kjent med jaktterrenget, få informasjon om organisering av jakta laurdag morgon, bli kjent og lage god kvelds saman. 

Laurdag vert det morgonjakt og 1-2 drev, og får vi hjort er vi med på slakting, flåing m.m. Det vert god middag om kvelden. Søndag vert det morgonjakt og 1 drev. Eventuelt opplæring i partering. Vi avsluttar etter ein god lunsj. 

Overnatting, jakt og alle måltid er inkludert i prisen. Kr. 2000 for medlemer. Kr. 2800 for ikkje-medlemer. Eventuelt kjøt må ein betale for. Dette kan avtalast når det nærmar seg. 

Alle må huske våpenkort, vise avlagt storviltprøve og betalt jegeravgift. 

 

Har du spørsmål ta kontakt: Torunn Rygg, 90565227 torunnrygg@hotmail.com 

Påmeldingsfrist: 1.september 

Arrangør: NJFF Sogn og Fjordane – Jenteutvalet og Naustdal jakt- og fiskelag.

 

Tilbakebetaling av deltakeravgift

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.

Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Icon Oppmøtested