Go Norsk Friluftsliv to main content
24. juli 2025

Hjørundfjorden rundt

Mer informasjon
Hjørundfjorden rundt
IconSted
Stranda
Icon Tid
Icon Arrangør
DNT Sunnmøre
Icon Kontaktperson

Hjørundfjorden rundt er en magisk langtur gjennom nokre av dei mektigaste fjellområda i Sunnmørsalpane.

Det er ein tur i variert terreng som gje oss mange fantastiske opplevingar og litt utfordringar. Vi skal opp bratte bakkar, slynge oss nedover i skogen, bade i fjellvatn og bestige toppar. Dette er ein tur for minneboka som du berre må gjennomføre ein gong i livet. Når vi kjem ut av skogen opp mot Molladalen skimtar vi den spisse fjellrekka, og når ein endelig står der ved vatnet omkransa av toppar og spisse tindar, då vert ein både liten og mållaus, det er så magisk. Etter tre dagar på tur kan ein vere heldig og få stå opp til soloppgang ved Tyssenaustet, sitte utenfor hytta og nyte morgenkaffen, etter eit forfriskande bad i Tyssevatnet. Det er lykke det. Det er så uendeleg mange inntrykk, utfordringar, vakker natur og vennskapsband ein knyttar på ein slik tur. Hjørundfjorden rundt er ein ekstra krevjande tur og du må ha ein del mil i beina med sekk på ryggen for å kunne gjennomføre ein slik tur,  eg lover deg - det skapast magi frå start til slutt. 

Dag 1: Melbøsetra til Kolåstindhytta ca 18 km
Oppmøte: Festøy ferjekai klokka 0800, vi lar ein bil stå att på ferjekaia, og resten fordeler seg i bilar og køyrer opp til Melbøsetra i Barstadvik. Turen startar med ferdaråd (sjekk av vekt på sekk, fottøy og fordeling av naudsynt utstyr) før avmarsj seinast klokka 0900.

Vi går opp i Molladalen,kor dei mektige og magiske toppane og tindane kjem til syne når vi kjem opp og ut av skogen. Vi skal vidare over Mollaskaret, gjerne ein avstikkar opp på Grønetinden, om vêret tillèt det, ned til  Høgevatnet for ei lunsjpause og bading. Vi skal skrå over, under Storekopptindane kor vi har Romedalstinden på høgre side før stiginga på veg opp mot til Kvanndalskaret. Turen går vidare i lyng og gras, over eit myrfelt ned Kvanndalen. Vi har  Kolåsmassivet på høgre side, så bers det ned gjennom skogen til Kolåstindhytta. Det er ein krevjande etappe med mykje stigning, vi skal gå på skogssti, over i høgfjell og ned og opp i ur, før vi igjen skal ned skogen og over på grusveg til Kolåstindhytta.

Proviant: Du må ha lunsj i sekken for to dagar, snack og middag, samt frukost til neste dag.  

Dag 2: Kolåstindhytta til Hjørundfjord Camping ca 12,5 km
I dag skal vi over til Sæbø, dette er ein forholdsvis kort og veldig moderat etappe. Vi skal gå eit lite stykke på vei før vi krysser vegen og stiger opp til Nøvedalen. No flatar det ut og vi går i slakt terreng oppover mot Grønevatnet kro vi tek lunsjpause. Etter ein velfortent kvil fortsett vi opp til Høgreset, som er ei moderat stigning på ca 130 m. Så er det nedover til Sæbø og Hjørundfjord Camping. Dagens etappe er middels krevjande.

Proviant: Begge butikkane er ope, så her kan ein handle det ein treng til middag, frukost og lunsj i tre dagar, altså mat for tre dagar, samt middag for to dagar. Det er mogleg å kjøpe middag på Hjørundfjord camping.

Dag 3: Rognstøylen til Tyssenauset ca 15,5 km
Vi vert henta klokka 0800 med minibuss ved Hjøundfjorden Camping og køyrd opp til Rongnstøylen kor turen startar. Vi skal stige moderat oppover over til Bjørke, og vidare opp til Tyssenaustet. Dette ein litt lang etappe og ein relativt lettgått etappe. Vi stiger jamt oppover mot 660 moh før vi skal ned til Bakkedalssetra, derifrå går vi eit stykke på vei før vi går opp i Lomsdalen, og runder ned ved Vikafjellet, her går det bratt ned i noko ulent terreng. Det er mogleg å følge vegen ned, slik ein slepp dette partiet, alt er avhengig av vêret. Så skal vi opp til Tyssenaustet, og over Tyssefossen, som er regulert, på ei hengebru. Vi skal stige jamt og trutt, før det flatar ut, og inn mot hytta.

Proviant: Middag, frukost og lunsj, som vart handla på Sæbø, dette må du bere med deg. 

Dag 4: Tyssenaustet til Patchellhytta ca 15km, eller 25 km om man vil gå Norangsdalen
Vi skal rundt Tyssevatnet, i god ur, før vi stiger opp langs Kvitelva i gras og småbuskar. Vidare skal vi gå innover, og rundt Kvitvatnet, kor vi ser Kvitegga ruver på høgre side. Her vi tek ei lunsjpause. Vi skal rundt vatnet før vi stig bratt opp ein grasbakke, og vidare opp skaret mellom Urbakkane og Kvitegga. No går vi lett nedover i ur og vidare over på sti og ned i skogen før vi er nede på Fivelstadhaugen. No skal vi over på asfalt, herifrå er det omtrent 9,5 km ned gjennom Norangsdalen mellom bratte fjell. Vi går tidvis gjennom eit seterlandskap, med elv og små vatn, vi passerer også Lygnstøylsvatnet, setra som vart oversvømt på grun av eit steinras i 1908. Du kan også ta transport ned til Skylstad om du ønskjer det. Frå Skylstadbrekka går det bratt opp, før det flatar litt ut og vi ser Patchellhytta. Patchellhytta ligg fint til mellom mektige toppar som Brekketindane, Smørskredtindane og Slogen.

Proviant: Vi skal finne middag og dessert i proviantlegeret på Patchellhytta (inkludert i prisen). Du må ha lunsj og snacks til neste dag i fjellet. 

Dag 5: Patchellhytta til kai på Urke ca 12 km - Trandal med skyssbåt
I dag går turen frå Patchellhytta og ned til Urke (innom butikken for dei som vil, den stenger klokken 1700) til kaia kor båten venter for å ta oss over til Trandal. Dette kan bli ein enkel etappe, eller ein litt meir heftig etappe, alt er opp til gruppa. Dei som vil kan ta ein avstikkar opp på Slogen og vidare ut på Urkeegga, via Jenteskaret og Maude kollen, det er sjølvsagt avhengig av vêret, og om gruppa er innstilt på ein litt lengre tur. Eit anna alternativ er å går ned til Urke via Langedalen på grusveg kor vi har Saksa på høgre side. Når vi kjem ned på kaia så vil skyssbåten ta oss over til segnomsuste Christian Gaard på Trandal.

Proviant: Du kan handle mat på butikken på Urke. Dei som vil kan spise en god middag på Christian Gaard (ikkje inkludert).

Dag 6: Trandalsetra til Hundeidvik ca 18 km
Vi får servert frukost og laga oss ei god nistepakke før vi går igang med siste etappa. Om vi er heldig får vi skyss opp til setra, viss ikkje går vi opp til setra på fin grusveg frå 0 til 480 moh. Dette er siste etappe, ei utruleg flott avslutting på ein draumetur i fantastisk natur på Sunnmøre. Frå setra startar vi bratt oppover på sti over i ur, vi skal no gå i ur i nokre kilometer. Då vi kjem opp, skal vi litt ned før vi igjen stig opp til skaret bak Blåbretinden. Herifrå går det litt bratt nedover, før vi kjem til fjerde vatnet. Vi tek lunsjpause ved Storevatnet, kanskje der er tid for eit bad? Etappa fortsett ned til Medgardsstøylen, ned traktorvegen, over på asfalt og bort til ferjekaia. Her venter vi på ferga som tek oss tilbake til Festøy, og henting av bilar oppe på Melbøsetra. 

Proviant: Vi et frukost på Christian Gaard og smører nistepakke før siste etappe til Hundeidvik. 

Utstyr og praktisk informasjon: Sjå DNT si pakkeliste for sommarturen. https://www.dnt.no/turtips/turvett/artikler/pakkeliste-for-sommerturen. På denne turen bør du ha med vottar/hanskar, buff og hue. Skoa bør vere solide og takle ulike underlag, samt ha god støtte kring anklane. I tillegg kan det vere praktisk å ha med lettare joggesko, crocs eller sandalar. Pakk sekken så lett som mogleg, maks 12–15 kg. Proviant: Hugs at du må bere med deg mat for nokon dagar. Telt og liggeunderlag er tilgjengeleg på Tyssenaustet, nokre må belage seg på å sove i telt.

Alle deltakarar møter turleiarane på eit teamsmøte veka før turen, der tek vi opp alt Dykk lurer på, samt viktig informasjon kring turen. Alle vert i etterkant oppringt av turleiarane. Meir informasjon kring utstyr kjem på mail frå turleiarane veka før turen. 

Ekstra krevjande tur: Dette er ein lang og krevjande tur. Du må meistre mange dagar i fjellet. Det er variert lengd på etappane, det er viktig at du les turbeskrivinga godt, slik du er budd på kva som ventar deg. Vi rasar ikkje av garde, det er tid til små pauser, pauser for å ta bilete, bading og lunsjpauser, det aller viktigaste er at vi har framdrift i gruppa. Vi skal oppleve saman og ha det kjekt saman, dette blir magisk.

Prisen inkluderer;
 - Alle overnattingar: Kolåstindhytta, Sæbø, Tyssenaustet, Patchellhytta, Christian Gård
 - Mat på Patchellhytta: middag og dessert og frukost
 - Frukost og lunsjpakke frå Christian Gaard
 - Transport Sæbø-Rognestøylen samt Fivelstad-Skylstad.


Turleiar: Rigmor Nekstad og Annki Olsen
Kontakt for spørsmål: nekstad31@gmail.com


Foto: 1-5 turfoto er teke av Martin Hauge-Nilsen 6-15 er teke av Rigmor Nekstad


"Turkatalog2025"


Icon Oppmøtested