Honndalsrokken 1529 moh er ein spennande tur med god utsikt og ei luftig oppleving om ein torer seg fram på kanten når ein er på toppen.
Hornindalsrokken var tidlegare grensefjell mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Turen er ca 12 km tur/retur. Det er ein fysisk krevande tur, og spesielt opp renna til "ryggen" mot toppen. Her er det alt frå fin sti til lett kliving enkelte parti. Bratt er det, litt "rullestein" og parti med glatt og gjørmete sti kan ein og kome bort i, så viktig med gode fjellsko.
Vi stipulerer 3- 4 timar opp og 2 - 3 timar ned att, men tar høgde for at vi kansje brukar litt meir tid.
Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.
Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.
Oppmøte ved Strynehallen kl 09.00