Go Norsk Friluftsliv to main content
21. juli 2025

Hytte- til hyttetur i Jotunheimen

Mer informasjon
Hytte- til hyttetur i Jotunheimen
IconSted
Tessanden
Icon Tid
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Er sommardraumen din lange dagsetappar i fjellet kombinert med ferdiglaga middag og ein varm dusj?

21.- 25. juli arrangerar Indre Sunnfjord Turlag hytte- til - hytte- tur i Jotunheimen! Her skal ein gå langt, høgt, tørt, vått og spektakulært. Spisse tindar, forfriskande fjellvatn og spennande dalføre er berre eit knippe stikkord.

Etappane varierer frå dag til dag, ein må pårekne å vere ute alt mellom 6 og 12 timar. Når dagsetappen er omme legg ein seg inn på betente DNT-hytter der ein får god restitusjon og smakfulle måltid.

Har du lenge drøymt om å gå hytte- til - hytte, men ikkje funne motet eller manglar kunnskap? Denne veka får du gå i godt lag saman med dyktige turleiarar som tek ansvar for vegval etter vêr og føre. 

Årets ruteval og turomtale (med rette prisar) er klart innan 1.mars!

#helgetur

Icon Oppmøtested