Bli med Vaksdal Turlag på tur frå Voss til Hamlagrø med overnatting på Nansenbu, Torfinnsheim og Breidablik.
Her vil du i tillegg til å oppleve det vestnorske ville og vakre høgfjellsterrenget, også få med deg fleire nydelege hytteperler!
Oppmøte: Voss stasjon
Oppmøtetidspunkt: 09.45 (med forbehold om endring i togtidene).
Dag 1: Me blir frakta til Gjelle. Her går me på T-merka sti som går over Gråsida. Underveis passerer me Rosethytta. Me kjem etterkvart til eit stikryss. Her kan me velge om me vil gå om Gråsidetoppen eller om Pili. Begge stiar er omtrent like lange. Dagens etappe er om lag 12,5 kilometer og 900 høgdemeter stigning. Innlosjert i hytta lager me felles middag. Her er ikkje proviantlager, så me må frakte med oss mat.
Dag 2: Etter frukost og utvask av hytta, starter dagens tur med ei lita kneik opp før terrenget flater ut. Me går forbi eit minnesmerke, før me etter kvart kjem til det ikoniske Timaglaset. Dette er eit populært motiv, og me tar oss ein god stopp her slik at alle får ta bildene dei ynskjer. Vidare går turen frå Timaglaset i vilt og vakkert terreng. Me passerer nok eit minnesmerke, før me kjem til Slåttebakkatjørni. Kanskje passer det med lunsj og eit forfriskandes bad her? Ved fint vær har me heile dagen til disposisjon, så me kan nyte det flotte terrenget. Me går etter kvart vidare, og etter eit par kilometer til, begynner me å nærme oss dagens mål som er hytta Torfinnsheim. Vel innlosjert i hytta lager me felles middag av medbrakte matvarer. Heller ikkje her er proviant. Dagens etappe er på omlag 7 kilometer. Det er eit par motbakker, men i hovudsak skal me ned ca 350 meter.
Dag 3: Etter frukost og utvask av hytta, starter me på helgas lengste etappe til hytta Breidablik som ligg mellom Glynt og Geitafjellet. Fyrste del av turen går i lett terreng sørover langs Torfinnsvatnet eit par kilometer, før me dreier mot sørvest og fylgjer elva nedover forbi stølane i Kvålsdalen. Etter omlag 3,5 km kjem me til nedre Kvålsdalstjørni. Turen vidare går på god sti gjennom Hardingaskardet og opp på Sveindalseggi. Her kjem me også til stiskillet der me skal gå videre mot vest. Dersom været er på vår side, tar me ein liten avstikker og legg turen bortom ein av norges mest besøkte hytter Kiellandbu for å nyte niste og utsikt. Denne avstikkeren medfører totalt ca 1,5 ekstra kilometer, men er absolutt verdt å få med seg. Frå stiskillet går turen vidare ned i Løkjesdalen før me får ei god stigning opp til Løkjesdalstjørnane. Vidare nedover til Blåkollvatnet, rundt dette og opp mot Breisete og Myrsete. Frå Myrsete går det jamnt og trutt oppover Tulledalen og forbi den markante steinen "Botnakjerringa". Herifrå kan me sjå dagens mål Breidablik. Vel framme i hytta lager me oss ein god middag og slapper av i hytta. Me kan også freiste med ein kort tur opp på Geitafjellet for å nyte solnedgangen! Dette er sjølvsagt heilt frivillig etter dagens 21 km og 800 høydemeter.
Dag 4: Etter frukost og utvask av hytta starter me på siste etappe mot Hamlagrøosen. Om været tillet det vil me legge turen over nydelige Geitafjellet. Ein trase` som gir flott utsikt i alle himmelretninger. Frå Breidablik er det kort veg opp på toppen av Geitafjellet som ligg på 1255 moh. Herifrå går det i fint og lett høgfjellsterreng nedover mot Tjørnadalen og Hamlagrøvatnet. Me går over Molthaugen og kjem etter kvart ned på sti som går langs Hamlagrøvatnet til Lii. Frå Lii går me på grusvei til Hamlagrøosen der bussen som tar oss til Dale har avgang kl 17. Det meste av dagens etappe går utenom sti. Etappen er på omlag 11 km, og me skal ned totalt 700 høydemeter.
Ved dårlig vær kan me velge å fylgje t-merka sti nedover dei bratte Glyntabakkane til Solheimsdalen og vidare i nordlig retning til Hamlagrøosen. Her går me ned dei fleste høydemetrane i starten av turen, og resten av turen går i lett kupert terreng. Denne etappe er på omlag 10 km.
PRAKTISK INFORMASJON:
Mat: Middag torsdag, fredag og lørdag, samt frukost og lunsj søndag er inkludert i prisen. Det er ikkje proviantlager på Nansenbu og Torfinnsheim. Me må difor ta med mat til middag desse dagane. Turleiarane handler inn til middag, men kvar deltaker må spare litt plass i sekken til å bære felles mat. På Breidablik lager me middag ut i frå kva som finnes på proviantlageret. Ta med niste til torsdag, samt brødmat og pålegg(eller det du ynskjer) til frukost og niste fredag, lørdag
Ta med brødmat og pålegg til frukost og niste, samt snacks og drikke etter eige ynskje.
Utstyr: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein sekk med:
Gradering av turen: Krevande. Det er viktig at du sett deg inn i graderingen på turen. Les meir om gradering her: https://www.dnt.no/aktiviteter/organiserte-turer/gradering/?
Vær særskilt oppmerksom på om det blir stilt krav til ferdigheter og bruk av utstyr. Vurder deretter eigen deltaking på bakgrunn av informasjonen som er oppgitt i turbeskrivelsen.
Krav til deltakarar: Du må kunne bære ein sekk på 10-12 kg og gå jevnt og trutt oppover og nedover med oppakning. Søndagens etappe er på nærare 21 km, så ein må vere vane med å gå lange dagsetappar i fjellet med tung sekk.
Overnatting: Vaksdal Turlag har booka senger på hyttene. Desse er på fleirmannsrom og ein må vere budd på å dele rom med andre deltakarar.
Pris inkluderer: Turleiing av DNT-godkjente turleiarar, tryggleiksutstyr, innleigd transport frå Voss stasjon til Gjelle, felles middag torsdag til lørdag, frukost og lunsj søndag og overnatting.
Turleiing: Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og har gjennomført DNT sine turleiarkurs. Turleiarar er ikkje profesjonelle, i den forstand at turane vert utført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guide. Dei vert utført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen og av å ta med andre på sine opplevingar.
Tryggleik: Turane til Vaksdal Turlag blir risikovurdert av turleiarane. Til tross for gjennomført risikovurdering og risikoreduserande tiltak, fins det alltid ein restrisiko ved å ferdast i norsk natur.
Vilkår for deltaking: Ved påmelding ligg det lenke til vilkår. Her må du hake av for at du har lest vilkår. Les særskilt vilkår for avmelding.
Bli medlem her: https://www.dnt.no/medlem/
Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast hos Tursenteret i Marken. Rabatterte prisar for medlemmer.
Turleiarar: Maren Amanda Thorkildsen og Elizabeth Gjessing
Turleiarane tar kontakt med alle påmeldte 4-7 dagar før turen.
Spørsmål?
Ta kontakt med vaksdal.turlag@dnt.no, på tlf. 92049856 (Maren) eller 97141631 (Elizabeth).