Go Norsk Friluftsliv to main content
06. juni 2025

Hyttetur for ungdom til Solrenningen

Hyttetur med Ung Alver
IconSted
Modalen
Alver
Icon Tid
Icon Arrangør
Ung Alver
Hyttetur for ungdom i alderen 8.kl-3vgs

Fredag 6. - 7. juni arrangerer Ung Alver hyttetur for ungdom frå 8.kl - 3.vgs.

Det vert felles buss frå Knarvik fredag 6. juni kl. 15.00 og attende frå Modalen laurdag 7. juni ca kl.15.30 Oppmøte: Parkeringsplassen ved Knarvik Ungdomskule kl. 14.45

Det er ca 7 km å gå frå parkeringsplassen til hytta. Det er fint og lite utfordrande turterreng. Viktig at ein kler seg etter været og at ein har sko som egnar seg i terreng.

På hytta er det ulike spel, og i nærheita er det eit flott vatn som det er mogleg å fiske i. Det er 30 plassar. Plassane vert delt ut etter "førstemann til mølla" prinsippet. Om nokon som har meldt seg på, men likevel\ikkje kan delta, må me få beskjed så raskt som mogleg, slik at plassen kan gå til nokon på ei eventuell venteliste.

Alle måltider vert servert.

Ta med: Eit skift med gode/varme kle. Lite håndkle og toalettsaker. Lakenpose, sovepose eller sengesett. Eiga drikkeflaske

Ta med om ønskjeleg: Snacks og/eller fiskestang m/tilbehør

Ingen må pakke meir enn ein klara å bære sjølv.

Hytteturen er gratis.

Påmeldinga er open og stenger 2.juni.

Ved spørsmål, ta kontakt på ungalver@alver.kommune.no

https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=M-XW-UDqRU-T5vKP8QrOU8eIYkpoXF9PokxYpBmE05NUODdDWkg5RkFQREFWUDM4SlFRSk9FOVM0WC4u

Icon Oppmøtested
Oppmøte i Knarvik for felles transport klokka 15.00