Go Norsk Friluftsliv to main content
20. Jun 2026

Intro-tur med overnatting i Digernesmarka

Mer informasjon
Intro-tur med overnatting i Digernesmarka
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Har du noko erfaring med dagsturar, og eit ynskje om å overnatte ute, i telt, hengekøye eller under open himmel? Eller ynskjer du deg meir kunnskap om det å overnatte ute? Då er denne turen noko for deg.

20. - 21. juni kan du bli med på overnatting ved Kolltjønna i Digernesmarka. Ca. to kilometer å gå i lett skogsterreng fra parkering i Sundsdalen. 
Sjølve turen er kort og enkel. Poenget er å sove saman med nokon ei natt ute i kontrollerte former. Det vil gi deg kunnskap, tryggleik, sjølvtillit og ikkje minst mot til å komme deg ut på overnattingstur. Det er ein fordel med litt kjennskap til tur fra tidlegare, men det er ikkje noko krav. Vi skal ha ei samling på førehand der vi går gjennom utstyr, pakking og praktiske detaljar. 
Samling på førehand vert onsdag kveld 17. juni.

Utstyrsbehov: Telt, liggeunderlag, sovepose, turkjøkken, turmat til middag, kveldsmat og frukost, klede, hovud- eller lommelykt og toalettsaker. Om du ikkje har alt utstyret sjølv kan du låne det du mangler på BUA Sunnfjord kommune

Påmelding: Max. 10 deltakarar. 
Transport: Vi avtalar oppmøtetid, -stad og samkøyring under samlingen veka før turen.
Ta kontakt med turleiar, Jan Roar Sekkelsten, om du har spørsmål. 

Icon Oppmøtested