Bre- og Fjellsportgruppa i Indre Sunnfjord Turlag og Keipen Turlag arrangerer skitur over Jostedalsbreen. Turen startar 30. april og avsluttar 3. mai, så her vert tre overnattingar i telt på den vakre breen.
Oppmøte blir i Øygarden, Rødseter (Fjærland) på parkeringen til Flatbrehytta. Derfra blir det satt opp buss inn til Bjønnstegane langt inne i Jostedalen. Bussen går kl 08.00 den 30.april frå Øygarden. Da må alle deltakarane vere klar til avreise.Frå Jostedalen den 30. april går vi opp Fåbergbreen. Første leir blir på om lag 1800 moh. Dagen etter kan dei som ønskjer det ta ein avstikkar opp på Brenibba, 2018 moh. Vi held fram turen til Kjenndalskruna, 1830 moh, og vidare til Høgste brekulen, 1957 moh, og Bings Gryte. Stad for overnatting blir vurdert etter vêr og føre. Dag fire går turen vidare til Flatbrehytta og deretter ned att til parkeringsplassen i Øygarden, der turen starta med buss.
Turen «Josten på langs» er om lag 65 km og rundt 2500 høgdemeter å gå. Turen er gradert svart (ekstra krevjande), noko som betyr at du som melder deg på må ha kapasitet til å gjennomføre turen med mange kilo i sekken.
Turen krev:
Påmelding
Betaling, som inkluderer turleiing og dekking av fellesutgifter, til dømes busstransport
Mye utstyr til fleire dagar i fjellet med overnatting
God fysisk form og gode skiferdigheiter
Påmeldinga opnar 1. februar. Påmeldingsfrist er 23. april.
Før påmelding skal du lese dette dokumentet nøye. Her finn du utdjupande turbeskriving og informasjon om Josten på langs 2026. Det er viktig at du har kjennskap til turens innhald og krav.
Eit Teams-møte blir sett opp i forkant av turen, måndag 27. april kl. 19.00, for alle deltakarane.
Turleiarar på turen er: Kjell Kleiven, Per Tore Meier og Jannike Brenden Frøyen.
Vi gjer merksam på at du ved påmelding til denne turen aksepterer DNT sine vilkår. Les desse nøye og merk deg særleg avbestillingsvilkåra.
Som deltakar kan du bli fotografert av turleiarar eller andre deltakarar, og bileta kan bli brukte i IST/Keipen sine kanalar. Gje beskjed til turleiar om du ikkje ønskjer å bli fotografert.
#helgetur