På årets Jotunheimtur skal vi eine dagen gå på bre og den andre dagen på ein ryggtravers. Ein ryggtravers er ei rekke med fjelltopper med smale parti mellom. Vi skal gå Tverrbottindtraversen - ein vakker travers der ein ikkje treng tau. Vi skal også krysse Bjørnbrean og gå på Storebjørn (2222) og Veslebjørn (2150).
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Krevjande fottur i høgfjellet, inkl bre med opne sprekker. Passar for vaksne som er i god form. Overnatting på Leirvassbu frå 29. til 31. august.
Turomtale:
På laurdagen skal Dawa føre oss til Storebjørn og Veslebjørn. Storebjørn er ein majestetisk topp i Smørstabbmassivet. Også Veslebjørn er ein kremtopp, men den kjem nok litt i skuggen av storebroren Storebjørn. For å komme seg på desse toppane må vi krysse bre. Vi må rekne med å hoppe over sprekker, og vi går sjølvsagt i taulag med isøks og stegjern. Turen varar i rundt 9 timar, og vi må opp rundt 1200 høgdemeter. Vi startar forhaldsvis slakt før vi kjem inn på breen. Det er fyrst når vi kjem inn på breen at vi verkeleg hentar inn høgdemetrane. Turen er krevjande.
Tverrbottindtraversen er ein nydeleg tur med formidabel utsikt. Vi ser mot Glittertind og Galdhøpiggen, mot Smørstabbtindane og Bukkeholstindane, og mykje, mykje meir. Denne dagen vil vi «fange» fleire 2000-metertoppar, alt etter vêr og forhald. Vi har bestemt at vi på denne fellesturen ikkje går på Vestre Tverrbottind då den er både luftig og utsatt. Om ønsket er stort, så kan vi ev. gå til den vestre delen av Vestre Tverrbottind.
Dette er ein rundtur i steinete og ulendt terreng. Til tider er det forhaldsvis store steinar, og det er krevjande å gå i slikt terreng.Turen er rundt ei mil lang og ca 1100 høgdemeter. Inkluderer vi den vestre delen av Vestre Tverrbottind, så vert turen både lengre og høgre. Dette er ein krevjande tur, og vi reknar med å bruke rundt 8 timar.
Krav til deltakarar:
- God fysisk form
- Vant med lange turar i bratt terreng
- Vant til å bere sekk med div utstyr.
Utstyr:
- Varmejakke (primaloft, dun)
- Klede for høgfjellet som lue, hanskar, vottar, skalljakke og vindtett bukse.
- Nok drikke. På breen er det ein stor fordel med camelbak.
- Fjellsko
- Vindsekk
- (Breutstyr er inkludert i prisen)
Praktisk informasjon:
Vi samkøyrer i privatbilar frå Voss til Leirvassbu der vi skal bu i 2 netter på dobbeltrom. Mat og opphald er inkludert i prisen. Det same gjeld breutstyr og turleiing/føring. Transport/betaling til sjåfør kjem i tillegg.
Turen til Leirvassbu vert ikkje avlyst, men det kan bli endring av tur dersom det er ikkje er forsvarleg å gjennomføre dei oppsatte turane.
Oppmøte Leirvassbu fredag 29.08: Kl 2100
Avreise frå Leirvassbu sundag 31.08: Kl 1700
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar og innleigd guide. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Mat og opphald er inkludert i prisen. Det same gjeld breutstyr og turleiing/føring. Transport/betaling til sjåfør kjem i tillegg.
Turleiarar:
Kjersti Vik 95171062
Bodil Atterås 41475381
Breførar: Dawa Tenjin Sherpa frå Nepal. Han har vore på Mt. Everest 16 gonger, og har meir enn 20 års erfaring med føring.
Deltakerantall:
14 deltakerar
#sundagstur