Barnas Turlag på Sande har turdag ein dag i månaden. Arrangementa er gratis og opne for alle.
Turskildring: Bli med Turbo på juleavslutning!
Parkering ved Larsnes kyrkje, så vert det ein liten tur opp på Haugane.
Ta med akebrett, turkort og godt humør!
Vi serverer varm drikke og pepperkaker til store og små!
Utstyr: Ta med niste/grillmat og varm drikke, sitteunderlag og klær etter været.
Viktig informasjon
Velkomne til små og store, vi gler oss til å sjå dykk!
Helsing turleiarane i Barnas Turlag på Sande
Medlemmer i DNT støttar si lokale foreining i drift av hytter, ruter og aktivitetar for dei aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Noreg, på aktivitetar og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 4 gonger i året og ei rekke andre medlemsfordelar. Her kan du lese meir om medlemskap og melde deg inn.