Go Norsk Friluftsliv to main content
28. Oct 2026

Kalbergskogen

Mer informasjon
Kalbergskogen
IconSted
Time
Icon Tid
Kl. 17.30 - 19.30
Icon Arrangør
Jæren turlag
Icon Kontaktperson
Margreta Hauge Clementsen
46433458
jaeren.turlag@dnt.no

Bli med på ein fin tur i Kalbergskogen. Turen startar frå Smiå på Kvernaland, går gjennom den flotte Stemmen Park, forbi Kvernaland omsorgssenter og gjennom byggjefelt til Kalbergskogen. I skogen går vi på gode grusvegar og nyt skogens ro. Turen tek mellom 1,5 - 2 timar og passar for alle.

Oppmøte
Start frå Smiå på Kverneland  kl 17.30.

Turleiar: Margreta Hauge Clementsen,  mobil 464 33 458

               Odd Rune Myrstad, mobil 902 05 458

Ta med: Ta med: lykt og refleksvest           


Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.

Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem

Icon Oppmøtested