Go Norsk Friluftsliv to main content
18. apr. 2025

Kjerringdilten

Mer informasjon
Kjerringdilten
Icon Tid
Kl. 13.00 - 23.59
Icon Arrangør
Todalen IL
Icon Kontaktperson
Kjerringdilten blir arrangert på Skihytta til Todalen idrettslag på Ørsalmyran på Sørfjellet.

Dette arrangementet har ein lang tradisjon, både med rennet og ikkje minst den gjeve vandrepokalen som er sett opp som premie. 

Det er hyttestyret som er arrangør av rennet, og Kjerringdilten går på idealtid – det vil seie at den som kjem nærast den oppsette idealtida, blir vinnar, og får napp i vandrepokalen og ein pokal til odel og eige. 

Påmelding i startområdet ved Skihytta.

Icon Oppmøtested
Parkering ved Todalen ungdomshus. Ein tek seg så til fots opp skogsvegen. På enden fortsett ein på ski, opp og utover Ørsalmyrene. Om snøen fortsatt er på plass og det let seg gjere.