Bli med på heile Norge sin nasjonale turdag!
Søndag 1. februar kl. 11.00 - 13.00 inviterar Nordhordland Turlag til Kom deg ut-dag på fire ulike stader.
- Fjordblikk, dagsturhytta i Masfjorden - Parkering på tilviste turparkeringar. Her kan ein komme fram med rullestol så sant det ikkje er snø, lese turskildringa i lenka.
- Gapahuken i skogen ved Modalen barnehage - Parkering ved barnehagen. Barnevogn går fint fram til gapahuken
- Fedje: Benken i skogen ved grusløypa mellom Tressneset og Storavatnet. Parkeringsplass i begge ender av grusløypa, og ved helikopterlandingsplassen og Storevatnet. Barnevogn går fint i grusløypa, obs. evt. føre på dagen.
- Grillhytta ved Knarvik ungdomsskule. Turboklubben og DNT Tilrettelagt i Nordhordland kjem. Her kan ein komme fram med rullestol så sant det ikkje er snø.
Vi feirer 20 års dagen for den nasjonale turdagen med pølser, fiskekaker og kakao! Ta med kopp!
Gratis og ope for alle! Passar for alle generasjonar, lågterskel og ope for dei som har lyst!
Du treng ikkje melde deg på.
Kom deg ut og bli med!