«Hele Norge båler» er sjølve «kickoffet» til Friluftslivet sitt år 2025, og det vil jo Barnas Turlag Gulen vere med på!
DNT har slått saman KDU-dagen og «Hele Norge båler» i 2025, og datoen er 18. januar.
Me inviterar små og store til gapahuken i Eivindvik denne dagen. Parkering ved kommunehuset eller Prestekaia.
Frå kommunehuset finn de ein Turtipp som viser vegen til gapahuken. Der serverar me fiskeskattekiste frå bålpanne og varm kakao og saft. Premiering til alle barn for Turtippen :)
Dei som vil kan prøve seg på å lage bål med rettleiing frå ein vaksen. Ein liten premie til den som tørr.
NB! Foreldra har ansvar for sine barn!
Turboreven kjem kanskje, kjem du?
Turleiarar: Lindy Andersen, Emma Rutledal og Martha Eidnes
DNTs generelle vilkår: https://www.dnt.no/aktiviteter/vilkar/