Go Norsk Friluftsliv to main content
18. jan. 2025

Kom Deg Ut dagen i Ulvik - Heile Noreg bålar

Mer informasjon
Kom Deg Ut dagen i Ulvik - Heile Noreg bålar
IconSted
Ulvik
Icon Tid
Kl. 13.00 - 15.00
Icon Arrangør
Ulvik Turlag

Bli med på opninga av Friluftlivets år 2025.

"Heile Noreg bålar"

Ulvik Turlag, Gløgg 4H, Ulvik Bygdekvinnelag, Ulvik Bondelag, Ulvik IL, Ulvik Helselag og Ulvik Skogeigarlag inviterar til aktivitetar i Holmen for og markera starten av Friluftslivets år.

Det blir 4 stasjonar med bål, og ein aktivitet pr. stand tilknytta bål og vinter.

Det blir servert pylser (1 pr. person. Born fyste pri. KIWI sponsar pylser), eplagløgg, popcorn, kaffi, og grilla marshmallow. Det blir og andre aktivitetar som snøkunst, tipping på ulike vedsortar og prøving av truger.

Alle er hjartleg velkomen, stor som liten, med eller utan born "Her er det plass til ein til rundt bålet"

Vaksne har ansvar for eigne born!

Ta med noko og sitja på, ta og gjerne med deg eigen bålmat om du treng meir enn det me har. Husk og kle deg etter vèret.

Turbo kjem, kjem du?

Vel møtt!


Icon Oppmøtested