Den tradisjonsrike Kom deg ut-dagen, Noregs største turdag, er i år lagt til 18. januar for å samsvare med «Heile Noreg båler». Dette markerer starten på Friluftslivets år 2025.
Vi møtes på parkeringen i Vasslia kl.13.00, og går samla eit lite stykke oppover mot Nordheia.
Der «slår vi leir», fyrer opp bål og har ulike aktivitetar som ski, aking, turtipp & grilling.
Vi fyrer opp fleire bål og stiller med pølser og brød som folk kan grille sjølv når det måtte passe. Ta med ski, akebrett/matte, samt det du sjølv vil ha å drikke. Varme klede og sitjeunderlag kan også vere lurt.