Bli med på Kom Deg Ut- Dagen i Ytre Fjaler!
Det vert tur til Langesjøen der det er ei lita strand ein kan leike på.
Ein møtast ved Holt på Hellevik kl. 11 og går i samla tropp. Dersom det er snø er det moglegheiter for aking.
Det vert bålkos ved Langesjøen, og Barnas Turlag stiller med pølser og brød.
Kle deg godt og bli med på ein kjekk utedag! Sitjeunderlag og varm drikke kan vere kjekt å ha med seg.