Kom Deg Ut dagen arrangerast i år same dato som "Heile Noreg Bålar" som skal markere starten på Friluftlivets år.
Barnas Turlag Luster, Luster Frivilligsentral, Flyktningetenesten og Hafslovatnet 4H inviterar til eit kjekt familiearrangement på Heggemyrane, Sogn Skisenter der me skal ha fokus på bålkos og vinteraktivitetar. Under arrangementet vil det vere fleire aktivitetar som barn og vaksne kan kose seg med:
I grillhytta vil Flyktningetenesten fyre opp grillen og lage mat med ulike smakar frå heile verda. Det vil og serverast fiskeburger med fiskekaker frå Ellevilt.
Hafslovatnet 4H vil tenne opp eit felles bål der ein kan lage sine eigne pinnebrød - me stillar med pinnebrøddeig
Barnas Turlag sett opp rebusløype i snøen med quiz - det blir premiar til alle som deltek
Hoppgruppa v/ Hafslo Idrettslag møter og inviterar alle som vil til å prøve skihoppbakken.
I barneskibakken setter me opp slalomløype for dei som vil øve seg på å kjøre portar og slalom
Stad: Grillhytta på Sogn Skisenter Heggemyrane
Arrangementet begynnar kl. 11.00 og sluttar kl. 15.00
Ta med gode klede, noko varmt å drikke og litt ekstra mat - me forsøkjer å ha mat til alle, men då me ikkje veit kor mange som kjem kan det vere lurt å ha med litt ekstra.
Ta med akebrett og eller ski viss du har - Luster Frivilligsentral har med kjelkar, akematter og akebrett. Det er og mogleg å låne langrennsutstyr på Luster utstyrssentral i forkant av arrangementet.
Det går rutebuss til og frå Skjolden via Gaupne til Sogn Skisenter før og etter arrangementet.
Sjå her for ruteinfo: www.entur.no
Frå Skjolden til Sogn Skisenter
10.00 Avgang frå Skjolden
10.35 Avgang frå Gaupne
10.49 Ankomst Sogn Skisenter
Frå Sogn Skisenter
15.07 Avgang frå Sogn Skisenter
15.30 Ankomst Gaupne
16.05 Ankomst Skjolden
Buss mellom Hafslo og Sogn Skisenter
Me sett og opp eige buss mellom Hafslo og Heggemyrane ved behov. Ønskjer du busstransport, så meld i frå via påmeldingslenka under, eller send ein e-post til Liv Endresen: liv.endresen@nav.no