Go Norsk Friluftsliv to main content
01. Feb 2026

Kom Deg Ut- Dagen på Langeland

Mer informasjon
Kom Deg Ut- Dagen på Langeland
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 11.00 - 13.30
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

I år feirar Kom deg ut‑dagen 20 år, og Barnas Turlag Førde inviterer store og små til ein ekstra kjekk og aktiv dag på Langeland! Dette blir ein sosial og familievenleg uteformiddag med turquiz, aking og bål.

Aktivitetar frå kl. 11.00–13.30

🔥 Bål - vi fyrer opp bål for varme, kos og grilling. Du må sjølv ta med det du vil ha på bålet (t.d. toast/fiskekaer/pinnebrød)

❓ Ny turquiz - Test kunnskapane på vår splitter nye og barnevenlege turquiz. Passar for alle aldrar og kan gjennomførast når det høver, tilfeldig trekning. 

🛷 Aking og uteaktivitet.

Langeland har eit flott uteområde med påfyll av kunstsnø som gir ypperlige forhald for snøleik.

Praktisk informasjon:

Du må sjølv kome deg til og frå Langeland. Arrangementet er gratis, men det kostar 90,- kr for parkering. 

Barnas Turlag slår leir ved nederste gapahuk (2km) rett ovanfor frileikområdet. Du møter oss der. 

Arrangementet er ope for alle.
Ingen påmelding nødvendig hos Barnas Turlag.

Ta med:

Varme klede og gode sko

Mat/snacks og drikke (gjerne varm drikke og noko du kan grille)

Sitteunderlag

Akebrett ev ski.

Godt humør!


Icon Oppmøtested