I Dale tjuvstartar vi og arrangerer årets første Kom deg ut-dag laurdag 11. januar kl. 11 på Steiabøen i Dale. Vi har så lyst på eit skikkeleg vinterarrangement med snø, og sidan vêrmeldinga lovar kuldegrader ut veka hoppar vi i det! Vi trakkar opp langrennsløyper av ulike lengder på bøen, i tillegg til at vi har kjekke bakkar vi kan ake i. Vi fyrer opp fleire bål og stiller med pølser og brød som folk kan grille sjølv når det måtte passe. Ta med ski, akebrett/matte, samt det du sjølv vil ha å drikke. Sitjeunderlag kan også vere lurt ??
For dei som treng parkering finn ein det ved Fjalerhallen og Dale VGS.