Go Norsk Friluftsliv to main content
10. Sep 2025

Kulturhistorisk vandring, internasjonal turmat, og byfjellstur med båling og kakao

Bilete Kystkultursenteret
Icon Tid
Kl. 11.30 - 18.00
Icon Arrangør
Vestland Fylkeskommune, Bergen kommune, Vestland innvandrarråd
Icon Kontaktperson
På "Turmat Fra Hele Verden"-dagen inviterer vi alle innbyggere i Bergen til kulturhistorisk vandring, internasjonal turmat, og byfjellstur med båling og kakao. Arrangementet er gratis og opent for alle! Allereie kl. 11.30 startar dagen med historisk vandring langs Den Trondhjemske postvegen. Vandringa startar ved Mariakirken og ender på Fiskerimuseet kor det vil bli matservering og båtaktivitetar! På Fiskerimuseet, kl 13.00, vil Vestland innvandrarråd stille med internasjonal turmat til inspirasjon for dei som er lei av DryTech og anna litt kjedeleg føde når dei er på tur. Det er òg høve til lage eiga mat og ta med om du vil vise fram din eigen matkultur! På Fiskerimuseet vil det òg vere høve til å ta seg ein tur på sjøen - arrangørane stiller med båtar og redningsvestar til dei som ynskjer å prøve seg. Kl. 15 blir det arrangert tur til Munkebotn kor delar av Den Trondhjemske postvegen går. Der vil ein få informasjon om denne historiske viktige vegen. Det vil óg bli bålkos med kakao.

Det er ikkje naudsynt med påmelding! Berre møt opp til aktiviteten du vil vere med på.

PROGRAM FOR DAGEN

11.30 KULTURHISTORISK VANDRING

Oppmøte Mariakirken. Kulturhistorisk vandring langs Den Trondhjemske postvegen.

13.00 START ARRANGEMENT FISKERIMUSEET

Internasjonal turmatdag med med matservering i regi av Vestland innvandrarråd Guida omvising på Fiskerimuseet (start kl. 13) Moglegheit til å prøva seg i tradisjonsbåtar. (fram til kl. 16)

15.00 KULTURHISTORISK VANDRING OG BÅLING

Tur frå Kystkultursenteret til bålplass i Munkebotn, og guida tur langs Den Trondhjemske postvegen til Eidsvåg og tilbake til bålplassen. Dei som ikkje vil vere med på turen(e) kan bli verande på Fiskerimuséet.

16.00 BÅTAKTIVITETAR AVSLUTTAST

18.00 DØRENE LUKKAST PÅ FISKERIMUSEET.

Om du vil lage eiga mat og ta med kan du møte på Fiskerimuseet allereie 12.30. Hugs å kle deg etter veret om du vil vere med på tur til Eidsvåg/bålplassen!

Arrangementet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Vestland Innvandrarråd.

Icon Oppmøtested
Oppmøte for den første vandringa er ved Mariakirken (kl. 11.30) Oppmøte for internasjonal turmat-arrangement og båtaktivitetar er på Bergen Fiskerimuseum (kl. 13.00)