Kåre Olav Aldal som eig den eine garden på Verpelstad tek oss med på ein kulturhistorisk vandring på gamle gardsvegar og til kulturminner han har satt i stand. Inkludert i prisen er ein god lunsj på Verpelstad gard som Odd Reigstad lagar til oss.
Oppmøte: Avkjørsle frå E16 til Verpelstad, parkering etter 100 m.. Avkjørsla finn ein to tunnelar frå Dale, retning Voss. Reisande med tog til Dale kan sende melding til turleiar for avtale om transport.
Oppmøtetidspunkt: kl 10.00
Avslutning: kl 16.00
Turskildring: Fotturen er delt i to etappar med innlagt lunsj på Verpelstad gard. Fyrste etappe går me den går den gamle ferdelsesvegen til Verpelstad via Løa i Botn, ein signing på 350 høgdemeter. Der blir det servert lunsj.
Restaurert Uteløe
Etter lunsj går me vidare til Stadlane, der med finn den andre restaurerte uteløa. Her er det fin utsikt mot Bolstadfjorden, med gardane Furnes og Hermundsdal. Me returnerar til Verpelstad gard der nokon av turdeltakarene sine bilar er køyrd opp på førehand, slik at med slepp å gå heilt ned att til fjorden.
Gradering: 5 -6 timar inklusiv lunsj, Til saman er turen på omlag 5 km og 650 høgdemeter.
Mat: Ta med mellommåltid om du treng det,og drikke til turen.
Utstyr: Lett tursekk pakka med:
Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår:https://www.dnt.no/aktiviteter/organiserte-turer/vilkar-for-turdeltakelse/
Pris: 250 kr ,- for medlemmar av DNT, 350 kr ,- for ikkje-medlemmar. Betaling når du melder deg på. Full refusjon vert gjeve ved avmelding inntil 10 dagar før turen, halv refusjon ved seinare avmelding. Ingen refusjon ved avmelding mindre enn 48 timar før turstart. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap: ?https://www.dnt.no/medlem/
Tog: Reisande med tog kan gjere avtale om transport frå/til Dale med turleiar.
Kart: Voss 1:50 000.
Turleiarar: Willy-André Gjesdal og Kåre Olav Aldal
Spørsmål? har du spørsmål kontakt med willy.andre.gjesdal@gmail.com