Drøymer du om å oppleve Hardanger på sitt aller vakraste? Bli med oss på ein uforgløymeleg kveldstur til toppen av Samlen. Med si høgd på 686 moh, lovar Samlen panoramautsikt over både Hardangerfjorden, Granvinsfjorden, Norheimsund, Øystese og Samladalen. Dette er den perfekte utfordringa for deg som elskar naturen og ynskjer å oppleve noko heilt spesielt ei kveldsstund i Hardanger. Vi ser fram til å dele denne opplevinga med deg, så meld deg på i dag!
Om turen:
I roleg gange tek det omlag 1,5 time opp og litt kortare tid ned. Vi reknar 3 timar tur/retur. Sjølv om turen byr på nokre bratte og utfordrande partier, inkludert ei tretrapp og nokon steinete og våte strekningar, blir du belønna med eit storslått syn når du nærmar deg skoggrensa. Ei vidstrakt utsikt mot Herand og Herandsfjella som vil fylgje deg heilt til toppen. Turen er ca 5 km tur/retur med ei stigning på ca 470 meter. Turen er T-merka heile vegen og sesongen er frå mai til oktober/november. Du kan lese meir om turen her.
Praktisk informasjon:
Turen startar på Åsleite, 4,6 km nord for Herand sentrum langs fv 550. Hald utkikk etter turskiltet til Samlen på vestsida av vegen.
Parkering enten langs vegen eller på det høgaste punktet på vegen, Åsleite. Parkeringa er gratis.
Ta med mat og drikke til turen og kle deg etter været. Det er ei fordel med fjellsko, men joggesko kan nyttast om det har vore tørt i været ei stund.
Gi gjerne beskjed om du har allergier eller om du har andre utfordringer vi bør vite om eller ta hensyn til.
Pris:
Gratis for DNT medlemer / 100 kr for ikkje medlem
Prisen inkluderer turleiarar og nødvendig sikkerhetsutstyr.
Er du ikkje medlem? Medlemskap gir rabatterte prisar. Meld deg inn her
Antall deltagere:
Ubegrenset antall deltagere. Turen passer både for voksne, seniorer og ungdommer i forholdsvis grei form.
Turleiar:
Annette Horne og Suzana Beatrice Heisler
Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og som har gjennomført DNTs turleiarkurs. Turleiarar er ikkje profesjonelle i den forstand at turane vert utført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guide. Dei vert utført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen og av å ta med andre på sine opplevingar.
Turane vert risikovurdert av turleiarane og kvalitetsikra av styret. Til tross for gjennomført risikovurdering og risikoreduserende tiltak finnes det alltid ein restrisiko ved å ferdast i norsk natur.
Vilkår:
Ved å melde deg på aksepterer du vilkårene for deltagelse på turar og arrangement i regi av DNTs medlemsforeningar og lokallag. Vilkåra finn du her.
Me tek forbehold om vær og værmeldingar og turen kan bli avlyst på kort varsel!
Spørsmål?
Kontakt ansvarlig turleiar. Sjå kontaktinfo.
Du kan og sende e-post til: odda-ullensvang.turlag@dnt.no