Lalandsrunden
Turen går gjennom eit landskap der det har vore menneskeleg busetnad i svært lang tid. Langs ruta er det fleire spor etter dei tidlege kleppsbuane.
Runden startar på parkeringsplassen ved Gunnarsberget og går sørover på turvegen langs Frøylandsvatnet. Du passerer snart Lalandsholmen, staden der det blir hevda at Olav Tryggvason blei fødd. Her finn du også Midgardsormen, brua over til Njåskogen.
Ved dagsturhytta fortset vi over jernbanebrua og vi passerer Mosberget, staden der forfattaren Torvald Tu budde. Vidare går vi Postvegen nordover til Stasjonsvegen. På gang- og sykkelvegen går du vidare til Klepp stasjon og vidare tilbake til parkeringsplassen ved Gunnarsberget.
Turen er ca 8 km lang.
Oppmøte på parkeringsplassen ved Gunnarsberget kl. 1730.
Turleiar - Gry Veronica Line, mobil 418 59 877
Anne Monica Line, mobil 418 59 877
Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.
Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem