Go Norsk Friluftsliv to main content
28. Aug 2026

Lang hausthelg i Hjelmelandsheiane

Mer informasjon
Lang hausthelg i Hjelmelandsheiane
IconSted
Hjelmeland
Icon Tid
Icon Arrangør
Stavanger Turistforening
Icon Kontaktperson

Hausttur i hjertet av Hjelmeland med magiske Melands Grønahei, kjensla av høgfjellet på Eidavatn og spennande vandring til Stakken.

Fredag: 
Me køyrer innom Nes og plasserer eit par bilar her før me køyrer vidare til Kleivaland og går ein fin kveldstur til Melands Grønahei. Me går den raudmerka stien forbi Bjødnabu og Stropastøl.  Turen tar omlag fire timar pluss nokre små pauser.  På kvelden lagar me enkel middag.

Laurdag: 
Frå Melands Grønahei går me merka løype inn mot Rundemannsheia. Her tar me av i til stien frå Fundingsland til Eidavatn.  Me følger den i retning Gamlestølsvatnet før det stig oppover mot Skute.  Er fineveret med oss kan hende me tar ein avstikkar.  På Eidavatn kviler med ut med god mat frå proviantlageret, eller kanskje me er heldig å få fisk.  Dette er lang tur i nydelig, men krevande terreng

Søndag: 
Me skal vidare til Stakken.  Turen går først sørover mot Lusahaia, men me svingar tidleg av mot vest i retning Søre Blåmannskilen.  Vidare gjennom Slettedalen, Grasdalen, Brokadalen, og til sist Store Gunnarsdalen fram til Stakken.  Då treng me velfortent middag og kvile til neste dag

Mandag:
Me får ein god start på veka; følger merka løype over Klinkehorten, gjennom Viglesdalen og tilbake til Nes. Der må me organisere henting av bilane som står på Kleivaland.

Me tek atterhald om at det kan verta endringar i programmet!

Planleggingsmøte
25. august kl. 18.00 på Teams. 

Turledere
Åse Sellereite (909 13 753) 

Prisen dekker
Turleiing, overnatting, felles middag, kaffi, te og havregraut til frukost. Vi legger opp til samkjøring og kostnad for dette kommer i tillegg. Kostnad for privatkjøring er kr 3,50/km pluss eventuelle ferjer og bomavgift som deles på alle inkludert sjåføren. Samkjøring blir avtalt på planleggingsmøte.

Pakkeliste
Av sikkerhetsmessige årsaker kreves det egnet utstyr og bekledning for årstiden. Sjekk ut DNTs pakkeliste for sommer slik at du er godt forberedt til fellesturen. Se også DNTs videoer med tips om hvordan pakke sekk. Ta gjerne med sandalar eller crocs, stavar om du har, hovudlykt, førstehjelp til eige bruk (evt tablettar). Deltakerne må ta med all mat ein treng utenom fellesmåltida; frukost hvis du ikkje vil ha havregraut, lunsj og snacks.

Utstyr som kan være kjekt å ha med
Ta gjerne med crocs eller tøftlar til bruk på hytta, stavar om det passar det. Måltid inkludert i prisen er felles middag +  kaffi og havregraut til frukost

Vilkår for deltakelse på fellesturer
Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lest og aksepterer vilkårene som er beskrevet i våre generelle vilkår.

Hva er en fellestur med DNT?

Utstyr og kart 
Trenger du utstyr eller kart til turen, anbefaler vi deg å stikke innom vårt tursenter eller leie fra Frilager.no  

Medlemskap i DNT
På denne turen er det tillegg i prisen for de som ikke er medlemmer. Vi oppfordrer alle til å melde seg inn og støtte vårt arbeid med å få flere ut på tur.

Bli medlem i DNT!

UT.no
Mer generell informasjon finner du på hele Norges turplanlegger

Følg oss på Facebook og Instagram!
Turer for voksne Stavanger Turistforening
hytte- til hyttetur

Icon Oppmøtested