LANGS LUSTRAFJORDEN TIL SOGNEFJELLET
Sognefjorden er Noregs klart lengste fjord, og langs og nær fjorden er det høge fjell og vill natur. Inste fjordarmen Lustrafjorden skjer seg innover i Jotunheimen på sørsida og Breheimen i nord. Fleire av hyttene er nedlagde stølar, der stiane vi følgjer er gamle ferdslevegar som vart brukte til buføring og til frakt av produkta frå stølen.
Denne turen vert leia av turleiarar frå Vandregruppa, ei frivilliggruppe i DNT Oslo og Omegn. Den krev at du er medlem av DNT og krev at du kan kommunisera godt på norsk.
Sundag 6. juli
Oppmøte i Hafslo. Overnatting på Lyngmo Gjestehus og Camping.
Måndag 7. juli
Fellestransport til grenda Kvam ved Veitastrondsvatnet. Bratt opp Store Grøndalen til Nonskar (1300 m.o.h.). Deretter bratt ned att til bilveg ved Tunsbergdalsvatnet på austsida. Litt færre høgdemeter ned enn opp, sidan Tunsbergdalsvatnet ligg om lag 470 m.o.hmoh. og Veitastrondsvatnet 170 m.o.hmoh. Transport frå Tunsbergdalen til Vårstølen i Vigdalen og om lag to km til fots opp til Vigdalsstølen (sjølvbetent). Dette er ein lang dagsetappe på 9-10 timar.
Tysdag 8. juli
Frå Vigdalsstølen til Fast (sjølvbetent). Ruta følgjer Vigdalen vidare oppover ovanfor skoggrensa og opp til Hamarsdalen og Hamarsdalsbandet. Deretter langs elva Kjervafosso ned til Fast ved Åsetvatnet. Om lag 5 timar.
Onsdag 9. juli
Frå Fast til Arentzbu. Vi følgjer først den T-merka ruta langs Åsetvatnet. Deretter oppstiging til eit skard vest for Skurvenosi. Her skal det vere fin utsikt. Vidare nedatt i dalsida ovanfor Mørkridsdalen og inn i Rausdalen. Ruta kryssar fleire elvar som kjem ned frå Spørteggbreen, dels på sommarbruer og dels på heilårsbruer. Om lag fem timar.
Torsdag 10. juli
Frå Arentzbu til Nørdstedalsseter (betent). Først i myrlendt terreng utover dalen og langs Heimsta Rausdalsvatnet. Så bratt opp til Oksli og vidare i dalsida i 1100-1200 meters høgd til Leirvatnet. Så tek vi litt meir høgde opp gjennom Gravdalen før bratt nedsting til Fivlemyrane og til slutt tre kilometer på anleggsveg i slakt terreng. Om lag sju timar.
Fredag 11. juli
Frå Nørdstedalsseter til Stølsdalen (sjølvbetent). Vi leiger syklar på Nørdstedalsseter og trillar nedover Fortunsdalen til Sveinsøy. Her går det veg opp til den freda garden Ormeli. Vi set frå oss syklane og går opp til garden. Husa er i ferd med på bli sette i stand, og også innmarka blir halden i hevd. Mellom ein og to timar på sykkelen. Frå Ormeli held vi fram på sti forbi først Nedstestølen og deretter Øvstestølen og vidare opp i høgfjellet der vi får stadig betre utsikt etter kvart som vi vinn høgde. Vi reknar om lag seks timar til saman for sykkelturen og fotturen.
Laurdag 12. juli
Frå Stølsdalen til Fannaråkhytta (betent). Denne dagen får vi ein dobbel etappe. Først frå Stølsdalen til Turtagrø og så opp til Fannaråken. Ingen av dei to etappane er særleg lange, men til saman må vi rekne med å bruke 8?9 timar. Frå hytta slepper vi oss først nesten 200 høgdemeter ned til dalbotnen der vi kryssar ei elv. Så får vi om lag 500 høgdemeter stigning opp til Skålabotnskaret. Deretter følgjer vi Gjesingdalen ned til Turtagrø. Frå Turtagrø får vi fire kilometer i slakt terreng langs veg innover Helgedalen. Vidare går vi på ein god, men bratt og steinete sti opp til Fannaråken 2068 moh.
Sundag 13. juli
Frå Fannaråkhytta til Sognefjellshytta. Først lang stid ned til om lag 1700 moh. Deretter er det ein brepassasje der vi får føring. Så er det T-merka rute langs Prestesteinvatnet til Sognefjellshytta. Om lag fem timar. Sognefjellshytta er avreisestad.
Med atterhald om endringar i programmet. Det er turleiarane som etter å ha teke omsyn til tilhøve og vermelding og i samråd med hyttestyrarar og deltakarar avgjer om dagsetappane let seg gjennomføre som planlagt. Oppgitt tidsforbruk er gangtider. Pausar kjem i tillegg, og ver, føre og vind kan også at vi brukar meir tid.
Turpakken inkluderer: overnatting, turleiarar, breføring, felles transport sundag 6. juli, alle måltid (betent hytte: frukost, niste/termos og vanlegvis tre-rettars middag). Unntak:Ingen mat fyrste dag. Siste dag berre frukost + niste/termos.
Reise
Deltakarane må sjølve syte for å kome fram til oppmøte- og avreisestad for turen på eiga hand.
Offentleg transport frå og til Oslo
Det går buss til Hafslo som korresponderer med ekspressbuss frå Oslo til Sogndal. Frå Sognefjellshytta går det buss til Lom som korresponderer med buss og tog vidare til Oslo. Sjå rutetider på entur.no eller vy.no. DNT Oslo og Omegn er ikkje ansvarleg for om det blir endringar eller feil på rutetidene. Deltakarane er sjølve ansvarlege for å undersøkje om rutetidene er rette før dei melder seg på turen.
Kart og ruteinformasjon
Vi oppfordrar deltakarane til å følgje med på kartet. Diverre er det ikkje noko turkart som dekkjer heile turen. Turkart Sogndal-Leikanger i serien Topo 3000 dekkjer føste dagsetappeen. Turkart Breheimen nasjonalpark (Topo 3000) dekkjer resten av turen. Om ein ikkje har tilgang til eller ønskjer å ta med begge karta, kan ein ta utskrifter frå norgeskart.no eller andre nettstader.
Maks deltakartal: 8 pluss 2 turleiarar.
Mat: Meld frå om eventuelle matintoleransar eller andre særskilde diettbehov ved påmelding.
Utstyr og pakkeliste
For at deltakarane og gruppa samla skal vere trygge under heile turen er det viktig at alle har rett og nok utstyr og klede i sekken. Vi viser til DNT pakkeliste sommar. Merk at det ikkje er tillate å bruke sovepose i sengane på dei betente hyttene til DNT Oslo og Omegn. Lakenpose kan brukast.
Passar turen for meg?
Turen går delvis utanfor merka stiar og med dagsetappar på opp mot 10 timar. Han er difor klassifisert som ekstra krevjande. Om du er usikker på kva erfaring og trening som trengst for turen, kan du kontakte turleiarane.
Turleiarar: Sveinung Helgheim svehelgheim@outlook.com og Knut Sørgaard knut.sorgaard@gmail.com.